Kosmetikkbutikk paa Eid berga likevel
Nytt

Kosmetikkbutikk på Eid berga likevel

Etter tre kontrabeskjeder skal Vita-butikken på Nordfjordeid likevel drive vidare. – Vi lurte på om det var tull, seier drivar Rita Karin Nyland. Sykkylven håpar på avklaring i dag.

Marius Rosbach
30.10.2019
I alt sju kosmetikkbutikkar på Nordvestlandet er på ulike vis råka etter konkursen i Cosmetic Group.
No er det klart at også butikken på Nordfjordeid får drive vidare ved Alti-senteret. Etter det NETT NO kjenner til, er det eigarane av Alti-kjeda som vil overta.
Det er Løseth-familien i Surnadal som eig Alti-kjeden. Lars Ove Løseth i Alti Forvaltning opplyser til NETT NO at dei jobbar med fleire ulike alternativ, men at det ikkje er ei endeleg løysing klar.

Les også:


– Berga i siste sekund

Det er allereie kjent at dei nye eigarane i Jotunfjell Partners vil ha med dei to butikkane i Ålesund vidare, i tillegg til Ulsteinvik og Ørsta. Loco-kjeda – med avdeling på Moa – blir lagt ned.
Også franchisetakar Rita Karin Nyland ved butikken i Nordfjordeid trudde ho måtte legge ned, til ho fekk kontrabeskjed nummer tre tysdag ettermiddag.
– Eg veit veldig lite enno, men vi fekk ein telefon om at vi var berga i siste sekund, fortel ho nøgd til NETT NO.
Førebels kan ho ikkje seie meir om kven som overtek. Etter det NETT NO kjenner er det forhandlingar mellom Jotunfjell og Alti-eigarane i LL Holding som har ført fram til ei løysing.

Hadde starta opphøyrsal

Nyland og dei tre andre tilsette har venta på ei avklaring sidan før helga. Ho hadde allereie starta å selje ut varene i Eid-butikken då kontrabeskjeden kom.

– Vi fekk heilt bakoversveis og lurte på om det var tull. Vi måtte berre informere kundane om at det ikkje vart meir sal – og no skal vi pakke inn att varer i butikken, seier ho.
– Vi er veldig glade. Til og med kundane meinte det var greitt at det ikkje blei meir sal, så lenge dei fekk behalde butikken, legg Nyland til.

Kåra til regionens beste

Franchisetakaren fortel at butikken har hatt gode resultat etter dei opna ved senteret for tre år sidan, men rekneskapa er ikkje offentlege. Seinast i januar blei ho kåra til årets butikkleiar i regionen.
– Det har gått bra økonomisk heile vegen, og då hadde det vore litt merkeleg å bli nedlagd, seier ho.
Grunngjevinga frå Jotunfjell om at dei ikkje ville ha med Nordfjordeid vidare, er at dei var for små: – Det er klart vi ikkje kan konkurrere med større plassar i totalomsetning, seier Nyland.

Les meir:



Håpar på avklaring i Sykkylven

For Vita Exclusive-butikken som Linn Iren Gjerde driv på gateplan på Aure i Sykkylven, er framtida framleis litt uviss. Dei nye eigarane har opplyst at Exclusive-butikkane skal skiljast ut i eige selskap.
– Vi ventar på svar og håper det kjem i løpet av dagen, seier Gjerde til NETT NO.
Også ho er franchisetakar og har tre tilsette i butikken ho har drifta i fem år.

Publisert: 30.10.2019 10:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43