84965a21cbdf lepsoeybrua ferje i bakgrunnen
NORDØYVEGEN: Bilar i kø for å kome over Lepsøybrua. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Nytt

Kostar 190 millionar kroner mindre enn kalkulert

- Vi la ikkje opp til at det var den billigaste entreprenøren som skulle få jobben.

23.02.2022

Det seier prosjektleiar Marianne Nærø for Nordøyvegen etter at det viser seg at det ser ut til å verte 190 millionar kroner i mindreforbruk på prosjektet.

Ho legg til at sjølv om ikkje den billegaste vart valt, vart det valt den entreprenøren som hadde det beste forholdet mellom pris og kvalitet.

- Rett bemanning
Dette var Skanska, ifølgje Nærø.

- Skanska leverte kontrakten som vi vurderte hadde mest meirverdi, og det har dei no bevist, både ved at vi delopna før tida, og at vi no ser at vi har pengar til overs.

- Det er kombinasjonen av den gode kontrakten, rett bemanning på alle frontar både hos oss og hos entreprenøren, og eit godt samarbeid i heile byggeprosessen, som er forklaringa, seier Nærø, i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Meirforbruk andre stader
Denne gladmeldinga blir presentert for politikarane tysdag 1. mars i utbyggingsutval for bygg og vegsaker, i saka om plan og byggeprogram 2022/2023.

I saksframlegget om plan og byggeprogram 2022/2023, går det fram at summen av disponible midlar i 2022 er meir enn 2,3 milliardar kroner, mens venta forbruk på alle prosjekt i 2022 er på totalt 2,18 milliardar kroner. «Det gir eit samla, netto mindreforbruk på 122 millionar kroner, om lag 5 prosent av totalramma», skriv fylkeskommunedirektøren i sitt saksframlegg.

Mindreforbruket blir forklart med eit større venta mindreforbruk på Nordøyvegprosjektet på om lag 190 millionar kroner, og eit netto meirforbruk på alle andre prosjekt på nesten 70 millionar kroner.

«Dei største venta meirforbruka i 2022 gjeld skredsikringsprosjektet Korsmyra-Indreeide, ferjekaiene Eidsdal-Linge og Sølsnes-Åfarnes, samt gang- og sykkelvegen Vindøla-Røv», skriv fylkeskommunedirektøren.

Publisert: 23.02.2022 07:16

Sist oppdatert: 23.02.2022 07:26

Mer om