Vil rekne på ringverknadene
Fleire enn 500 arbeidsfolk, 160 leverandørar og 40 lærlingar. Det er nokre av tala for Nordøyvegen, men prosjektleiaren vil finne fleire.
Bygginga av Nordøyvegen ligg godt i rute både når det gjeld tidsbruk og kostnader. Det kunne prosjektleiar Marianne Nerø for Nordøyvegen fortelje formannskapet i Ålesund, då dei tysdag fekk køyre gjennom heile anlegget.
– Vi kan seie allereie no at dei skal klare å halde kostnadsramma, fortalde Nerø mellom anna til politikarane.
Første del av det største samferdsleprosjektet i Møre og Romsdal for augneblinken, skal opne allereie 18. desember, men det er framleis betydeleg arbeid som står att. Juni neste år opnar Fjørtofta-Harøya-tunnelen, før siste del av strekninga mellom Longva og Fjørtoft opnar i august.
Vil forsøke talfeste ringverknadene
Prosjektleiaren fortel at dei ønsker å kartlegge kva for ringverknader arbeidet gir. Allereie har ho ein del tal på bordet. Mellom anna at fleire enn 500 arbeidarar frå 160 bedrifter har vore i sving på det meste.
– Vi har lyst til å sjå om det er mogleg å kartlegge kor mange personar som har vore involvert i prosjektet totalt, i tillegg til alle firma og leverandørar, fortel Nerø til NETT NO.
Nordøyvegen
Nordøyvegen vil gi fastlandssamband for kring 2700 menneske på Harøya, Fjørtofta, Skuløya/Flemsøya, Haramsøya og Lepsøya.
Prosjektet erstattar to ferjesamband og ei hurtigbåtrute.
Vegen består av tre tunnelar: Haramsfjordtunnelen på 3,5 kilometer, Nogvafjordtunnelen på 5,7 kilometer og Fjørtoftfjortunnelen på 3,6 kilometer.
I tillegg er det tre bruer: Lepsøybrua på 800 meter, Laukebrua på 110 meter og Hamnaskjersundbrua på 200 meter.
Drygt 2,7 kilometer av vegen går på sjøfylling og ein ny veg på Fjøtofta har ein 170 meter lang miljøtunnel.
(saka held fram under)
I tillegg håpar prosjektleiaren dei skal klare å talfeste ringverknadene, ikkje minst for lokale bedrifter.
– Vi håpar at nokre av desse bedriftene vil fortelje kva det har hatt å seie for deira bedrift. Det er dei som har vore her og gjort ein jobb som har fasiten, men det anar meg at ringverknadene er store, legg ho til.
Satsar på lærlingar
Nerø er tilsett i
Møre og Romsdal fylkeskommune, som held i trådane for bygginga. Ein av
tinga ho er mest stolt over, er at heile 40 lærlingar har teke, eller
skal ta fagprøva gjennom prosjektet.
Bedriftene får mellom anna betalt 50 kroner meir per time som blir nytta med lærlingar.
– Vi prøver å vere med å bygge kompetanse i bransjen, for med den satsinga som skjer på samferdsel, så trengst det, påpeiker ho.
Publisert: 30.11.2021 14:41
Sist oppdatert: 30.11.2021 14:49