Snorklipp Nordøyvegen M Rf
OPNING: Oskar Zachara, Bjørn Longva jr. og Daniel Seth Rønstad fekk æra av å stå for den offiselle opninga av første del av Nordøyvegen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Historisk dag for Nordøyane

Her vert første del av Nordøyvegen opna av ungdomsskuleelevane Oskar Zachara, Bjørn Longva jr. og Daniel Seth Rønstad.

18.12.2021

Laurdag klokka 13:30 opna første del av Nordøyvegen mellom Haramsøya, Lepsøya og Skjeltene.

På begge sider av Lepsøybrua står det lange bilkøar, med folk som vil køyre over i første gang. Blant bilane er også eit flyttelass til Lepsøya.

- Heilt fantastisk, sa Håkon Farstad Brekke frå Haramsøya, under den digitale opningsmarkeringa.

- Enorme mulegheiter
Farstad Brekke er medlem i Ungdomsrådet i Ålesund.

- Dette må verte ein veg for alle, også alle som ikkje brukar bil. Vi er nøydde til å kjempe for eit godt kollektivtilbod for alle Nordøyane, sa Farstad Brekke.

Han rosa dei som har kjempa fram prosjektet.

- Dei som har kjempa, har vist enorm ståpåvilje og godt politisk handverk i svært krevjande saker.

- Vegen gir enorme mulegheiter for betre samarbeid, både i kultur og næringsliv.

Opning
PROSJEKTLEIAR: Marianne Nærø har vore prosjektleiar for eit vegprosjekt som opnar eit halvt år før planen. Skjermdump
Steinen er lagt med presisjon i eit pusleslel der alle bitane passar saman
Marianne Nærø

Spektualært vegprosjekt
Prosjektleiar Marianne Nærø meinte at Nordøyvegen var eitt av norges mest spektualære vegprosjekt nokon gong.

- Her ligg øyane som som perler på ei snor og bidreg til det spektualære, men det er også eit komplett vegprosjekt.

- Det er første gongen nokon byggjer tre undersjøiske tunnelar samstundes, og første gongen det er bygt demning til havs.

Ho understreka at prosjektet var gjennomført med stor respekt for naturen.

- Blant anna er det fylt over 70.000 lastebil-lass på Lepsøyrevet, men steinen er lagt med presisjon i eit pusleslel der alle bitane passar saman.

Ho rosa samarbeidet mellom fylkesommunen og hovedentreprenæren Skanska, og ser fram til stor folkefest då heile Nordøyvegen skal vere ferdig til 27. august.

Før det skal Fjørtoft-tunnelen vere klar 16. juni.

Fakta om Nordøyvegen:
Byggherre: Møre og Romsdal fylkeskommune Hovudentreprenør: Skanska Norge AS Kostnadsramme: 5,6 milliardar kroner
Dei 2700 innbyggarane på Nordøyane og resten av Ålesund kommune blir knytt nærare saman gjennom fastlandssambandet. Næringsliv og private vil spare transportkostnadar og få eit meir fleksibelt og forutsigbart transportsystem. Nordøyvegen erstattar to ferjesamband og eitt hurtigbåtsamband.
Byggestart førebuande kontraktar: 27. august 2017 Byggestart hovudkontrakt: februar 2018
Opningsdatoar: Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya: 18. desember-2021 Fjørtofta-Harøya: 16. juni 2022 Flemsøy/Skuløy-Fjørtofta og offisiell opning av heile prosjektet: 27. august 2022.

Prosjektet omfattar:
• Tre bruer mellom fastlandet og Lepsøya:
o Lepsøybrua (800 meter)
o Laukebrua (110 meter)
o Hamnaskjersundbrua (200 meter)
• Veg på sjøfylling over Lepsøyrevet, totalt 2735 meter.
• Demning mellom Lauka og Hestøya for å halde sjøen ute frå Haramsfjordtunnelen
• Haramsfjordtunnelen frå Hestøya til Austnes, 3500 meter
• Nogvafjordtunnelen, frå Flemsøy/Skuløy til Fjørtofta, 5730 meter
• Fjørtoftfjordtunnelen, frå Fjørtofta til Harøya, 3680 meter
• Burbergtunnelen, ein miljøtunnel på Fjørtofta

Bilde 2021 12 18 143255
SISTE: Klokka 12:40 gjekk siste ferjeturen frå Haramsøya til Lepsøya. Foto: Privat

Publisert: 18.12.2021 10:59

Sist oppdatert: 23.12.2021 07:32

Mer om