Inntektene til møbelprodusenten L K Hjelle i Sykkylven fall 7,2 milionar kroner - 14 prosent - frå 2022 til 2023 (sjå tabell).
Selskapet redusert samstundes talet på tilsette, frå 32 til 27 årsverk i gjennomsnitt for året. Lønskostandane vart kutta med 2,1 millonar kroner, eit kutt som reduserte underskotet i selskapet i fjor.
Andre driftskostnadar var like høge i 2023 som i 2022, trass redusert sal.
Trass i inntektsfallet i fjor er 2023-inntektene dei tredje høgaste selskapet har hatt og høgare enn selskapet hadde før koronapandemien kom.
Lite bygging og høgare rente
I første kvartal i år har L K Hjelle gjennomført nye tiltak for å kutte kostnadar, ifølgje styret sin årsrapport for selskapet.
Det er mindre bygging av nye bustadar saman med at høgare rente har gitt mange mindre å rutte med som er den mest sannsynlege forklaringa på den negative utviklinga i fjor, i etter styret si vurdering.
Prosjektinnreiingsmarknaden utvikla seg godt i fjor og hittil i år, men styret er usikker på om det vil halde fram, sidan det er redusert aktivitet i marknaden for næringsbygg.
Nye medeigarar
I åra 2017-2019 var det samla underskotet til selskapet heile 12,2 millionar kroner.
Store endringar blei gjort for å kome ut av stagnasjon og millionunderskot.
Tidlegare dagleg leiar og største aksjonær, Dag Hjelle, fekk inn nye investorar og gjekk sjølv over til å arbeide med produktutvikling. Han er framleis stor aksjonær, med 38,7 prosent av aksjane. Råna Invest, med investorar frå Sykkylven på laget, eig 39,1 prosent.
Jens Peter Brunstad kom inn som ny dagleg leiar i 2020, og i 2021 blei tidlegare Slettvoll-sjef Kristine Landmark styreleiar.
L K Hjelle har mellom anna to møbelklassikarar frå Nordvestlandet i kolleksjonen, Siestastolen og Falcon-stolen, i tillegg til modellar selskapet sjølv har fått utvikla.
L K Hjelle Møbelfabrikk as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 48,1 | 55,3 |
Driftsresultat | -1,4 | -0,1 |
Resultat før skatt | -1,9 | -0,7 |
Publisert: 20.06.2024 08:30
Sist oppdatert: 20.06.2024 08:30