Oppdrettslaks IKKE GJENBRUK foto ntb
IKKJE SANKSJONERT: Eksport av norsk fiskefôr er ikkje underlagd sanksjonane mot Russland. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Nytt

Kraftig eksportauke av fiskefôr til Russland

Sjømat Norge trur dei veit kvifor.

01.06.2022

(NPK-NTB): Frå mars til april auka Noregs eksport av fiskefôr med nesten 54 millionar kroner til vel 141 millionar kroner. Sjømat Noreg er overraska over utviklinga.

– Vi trudde at betalingsutfordringane ville føre til redusert handel, men registrerer no at så ikkje er skjedde, seier administrerande direktør i Sjømat Norge, Geir Ove Ystmark til Intrafish.

Han viser til forbodet mot pengeoverføringar med russiske bankar.

Gjekk opp før hamneforbod
I januar i år vart det seld fiskefôr for nesten 17 millionar kroner frå Noreg til Russland, medan eksporten altså gjekk kraftig opp frå mars til april.

Ystmark trur at varselet om hamneforbod mot russiske skip, førte til auka handel fordi russarane ville opparbeide seg eit lager av fôr.

Regjeringa varsla forbodet 29. april. Det tredde i kraft 8. mai, og Sjømat Norge kjenner ikkje til Russland har importert fôr frå Noreg etter dette.

Sanksjonar gjeld ikkje for fiskefôr
Handelssanksjonane mot Russland gjeld ikkje eksport av norsk fiskefôr eller import av russiske råvarer til produksjon av laksefôr i Noreg.

Samla i januar til og med april eksporterte Noreg vel 15.000 tonn fiskefôr til Russland til ein verdi av nesten 252 millionar kroner.

(©NPK)

Publisert: 01.06.2022 11:10

Sist oppdatert: 01.06.2022 11:17

Mer om