Inntektsfallet på over 70 millioner kroner frå 2023 til 2024 gjorde at vindus- og dørprodusenten på Nordfjordeid gjekk frå plussresultat til 15,4 millionar kroner i fjor (sjå tabell).
"Markedet er og vil være preget av sterk konkurranse. Ikke minst på grunn av utenlandske aktørers varige tilstedeværelse. Man forventer at innenlandsmarkedet vil ta seg opp igjen på sikt", skriv styret i årsmeldinga for 2024.
Selskapet sysselsette 97 årsverk i fjor. Det er 11 færre enn i 2023.
Pengar på bok
Ved utløpet av 2024 hadde Norgesvinduet Bjørlo ein eigenkapitalandel på 67 prosent. Den langsiktig gjelda er på 6,6 millionar kroner og samla gjeld vart redusert frå 37 til 34 millionar kroner i løpet av 2024.
Selskapet hadde knappe 18 millionar kroner i bankinnskot og liknande ved inngangen til 2025 og styret karakteriserer selskapet som å vere i ei "sunn økonomisk og finansiell stilling."
Fire eigarar
Ifølgje årsmeldinga har Norgesvinduet fire eigarar; Roald Starheim (50 prosent), Trude K. Bjørlo (25 prosent), Bente Bjørlo Bleie (12,5 prosent) og Grete Bjørlo (12,5 prosent).
Dei er eigarar gjennom selskapet Beverlo.
Norgesvinduet Bjørlo as | ||
Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 180,4 | 252,4 |
Driftsresultat | -16,1 | 4,4 |
Resultat før skatt | -15,4 | 4,7 |
Publisert: 16.04.2025 09:48
Sist oppdatert: 16.04.2025 10:01