ROV Brusdalsvatnet foto Ålesund Kommune
DYRARE: Ein fjernstyrt farkost på Brusdalsvatnet som ein del av treårig prosjekt for å kartlegge kvalitet og endringar i drikkevasskjelda til Ålesund. Frå drikkevasskjeldene til vatnet er tilbake i havet ventar milliardkonstnadar i oppgradering av leidningnettet og reinsing av avløpsvatnet anslår Norsv Vann. Foto: Ålesund kommune
Nytt

Kraftig gebyrauke i vente

Oppgradering av gamle vatn- og avløpsrør kan meir enn doble kommunale gebyr i Møre og Romsdal. Og i bakgrunnen lurer nye reinsekrav frå EU.

22.10.2023

(NPK/NETT NO): Møre og Romsdal kan vente seg den største auken i kommunale vass- og avløpsgebyr i landet for å finansiere ei fullgod oppgradering av vatn- og avløpsnettet.

Gebyret i fylket må opp med 164 prosent for å finansiere ei fullgod oppgradering. Det betyr ein auke frå i gjennomsnitt 7.400 kroner i året for ein 120 kvadratmeter stor bustad, til nesten 20.000 kroner, fram til 2040.

– Med investeringsbehovet dei neste 20 åra vil eit normalgebyr for vatn og avløp kome opp i nærmare 20.000 kroner i året. I kommunane der investeringsbehovet er størst, vil gebyra kunne bli tre gonger høgare enn i dag, seier Ragnhild Aalstad, som er direktør for Norsk Vann, interesseorganisasjonen for heile vassbransjen.

Forsyner nær 90 prosent av befolkninga
Aalstad representerer mellom anna 320 norske kommunar og kommunale selskap, som blant anna eig 1.100 vassverk og 2.250 avløpsanlegg.

Samla forsyner dei nær 90 prosent av befolkninga med drikkevatn og reinsar avløpet frå 85 prosent av oss.

Det er desse verksemdene som skal passe på at lekkasjetapa i leidningsnettet ikkje blir så store at det ikkje blir nok reint vatn til alle – eller at farlege smittestoff smett inn i røra og gjer oss sjuke.

Klimaendringar og terror
Det er desse selskapa som skal sjå til at klimaendringane med flaum og tørke ikkje trugar korkje vasskvalitet eller forsyning, og bidra til at overvatn etter styrtregn blir leia bort utan å øydeleggje infrastruktur.

Det er også deira jobb å passe på at avløpssystema ikkje blir overbelasta, slik at ureinsa avløp går rett i fjordane våre.

Ja, og det er dei som har ansvar for at vassforsyningssystema våre er godt nok sikra mot terror.

– Å sette rett nivå på vatn-og avløpsgebyra krev både kunnskap og vilje av kommunepolitikarane. Eg ser ikkje bort frå at dei iblant kvir seg for å auke gebyra, så mykje som det eigentleg er behov for.
Ragnhild Aalstad, direktør for Norsk Vann

Anslått behov på 330 milliardar
Det er difor det er dei som må leggje ut dei mange milliardane alt dette vedlikehaldet kjem til å koste – før dei sender den enorme rekninga vidare til deg og meg.

Investeringar til vatn og avlø blir ikkje dekt over det ordinære kommunebudsjettet, men av vatn- og avløpsgebyr sett etter det såkalla sjølvkost-prinsippet.

– Då fagfolka våre rekna på dette i 2020, vart investeringsbehovet i kommunalt eigde vass- og avløpsanlegg anslått til å koste 330 milliardar kroner fram til 2040. Den relative gebyrauken for hushalda vil bli størst i kommunane der det bur minst folk og der det er færrast å dele kostnadene på, konstaterer Aalstad.

(saka held fram under)

Kraftig prishopp i vente
Prisen for utbetring av vass- og avløpsnett innan 2040
Gjennomsnittsavgift for bustad på 120 kvadratmeter eller 150 kubikkmeter årleg forbruk
Kommunal avgift i dag Auke i prosent innan 2040
Møre og Trøndelag 7400 164 %
Troms og Finnmark 7950 164 %
Trøndelag 6700 140 %
Innlandet 9859 125 %
Vestlandet 8250 113 %
Vestfold og Telemark 7950 112 %
Agder 7500 111 %
Rogaland 6250 110 %
Viken 7300 95 %
Oslo 5150 94 %
Kjelde: Norsk Vann Rapport 259/2021

Mykje forsvinn i lekkasjar
Mesteparten av dei varsla utgiftene er knytt til oppgradering og fornying av leidningsnettet for vatn og avløp.

I snitt reknar ein at 30 prosent av drikkevatnet som går inn i leidningsnettet forsvinn i røyrlekkasjar på vegen. Somme stader kjem faktisk halvparten av vatnet aldri fram.

Avløpsrøyra tek derimot inn vatn som ikkje skal vere der og gjer kostnadene til reinsing mykje høgare enn dei hadde trengt å vere. I tillegg trengst det store investeringar til vassbehandlingsanlegg og avløpsreinseanlegg.

Strengare reinsekrav frå EU
Etter at vedlikehaldskalkylane vart gjort i 2020, har EU kome med endå strengare krav til reinsing. Det vil krevje ytterlegare investeringar.

Klima- og miljøministrane i EU blei mandag denne veka samde om framlegg til nye og strengare krav til reinsing av kloakk. Det skal no vidare til EU-parlamentet.

Det er ein revisjon av eit allereie gjeldande direktiv som er ein del av EØS-avtalt, slik at regelendringane også blir gjeldande for Noreg, skriv Energiogklima.no.

Klima- og miljøministre vil at dei nye reglane skal omfatte tettstadar med meir enn 1.250 innbyggjarar. I dagens er grensa 2.000 innbyggere ved utslepp til ferskvatn og 10.000 innbyggarar for utslepp til sjø.

Alle tettstadar med mer enn 1.250 innbyggjarar må bygge felles renseanlegg innan 2035, fem år seinare enn EU-kommisjonen sitt framlegg, skriv nettstaden.

– Kan få alvorlege konsekvensar
Forklaringa på korleis me har enda i denne bakevja er samansett. Den seier truleg like mykje om oss som veljarar, som om kommunepolitikarane:

– Å sette rett nivå på vatn-og avløpsgebyra krev både kunnskap og vilje av kommunepolitikarane. Eg ser ikkje bort frå at dei iblant kvir seg for å auke gebyra så mykje som det eigentleg er behov for, seier Norsk Vann-direktør Ragnhild Aalstad til NPK.

– Både for innbyggjarar og politikarar kan det nok vere enklare å sjå behovet for utbetring av holete vegar enn på røyr som ligg usynlege under bakken – og som «verkar» – til så lenge. Med åra har difor etterslepet på vedlikehald blitt veldig stort. Det kan få alvorlege konsekvensar, seier Aalstad.

Dødsfall knytt til Askøy-saka
Ho minner om Askøy-saka sommaren 2019, der 76 vart innlagde på sjukehus og to personar truleg døydde som følgje av å ha drukke forureina, kommunalt vatn. I alt vart rundt 2.000 personar sjuke etter at vatn med bakterien Campylobacter hadde leke inn gjennom sprekkar i Kleppe vassverk.

I Sintef-granskinga som følgde, vart det ikkje berre slått fast at forureininga mest sannsynleg stamma frå avføring frå ville dyr og fuglar. Det vart også peika på at politikarane i kommunen hadde prioritert låge kostnader på vass- og avløpstenestene framfor tryggleik i vassforsyninga.

– Vatn på avvegar kan medføre ein stor risiko for liv og helse. Det er difor det er så viktig å ta grep før krisa er eit faktum.

Jorda rundt med røyr
Jordkloden vår måler litt over 40.000 kilometer rundt magen. Lengda på det norske, kommunale vassleidningsnettet er til samanlikning over 48.000 kilometer. I tillegg kjem 38.000 kilometer med kommunale spillvassleidningar og 19.000 kilometer med kommunale overvassleidningar.

Det er frykteleg mange kilometer som treng vedlikehald og oppgradering – og som altså skulle ha blitt fiksa for lenge sidan. Då er ikkje dei over 100.000 kilometrane med private stikkleidningar og leidningsnett rekna med.

Finst uutnytta moglegheiter
Norsk Vann meiner det er rimeleg at staten bidreg i storsatsinga det no er behov for. Samstundes er Aalstad tydeleg på at det allereie finst uutnytta moglegheiter som kan redusere rekninga:

– Viss kommunar går saman, kan ein dele kostnader på fleire og oppnå stordriftsfordelar. Me utfordrar difor lokalpolitikarane til både å samarbeide og tenkje nytt rundt teknologi. Parallelt jobbar medlemsverksemdene våre med korleis ein kan gjere vedlikehaldet mest mogleg kostnadseffektivt. Ei teknologisk nyvinning er til dømes ei strømpe i akryl, som ein kan blåse inn i eksisterande røyr, i staden for å skifte ut røyra, seier Aalstad.

Plan i løpet av året
Ole Henrik Krat Bjørkholt, statssekretær i helse-og omsorgsdepartementet svarar dette til NPK på spørsmål om staten bør bidra meir til å finansiere vedlikhalde av vatn- og avløpsnettet:

"I dette arbeidet skal nasjonale mål for vatn og helse bli revidert, og det skal lagast ein plan for gjennomføring av tiltak på tvers av fleire sektorar. Det kan til dømes vere tiltak som kan stimulere til meir samarbeid mellom kommunar. Planen er å bli ferdig med dette arbeidet i år."

Publisert: 22.10.2023 05:00

Sist oppdatert: 21.10.2023 20:43