Geir Håøy foto Ogne 1
FØRSTE MØTE MED SJEFEN: Konsernsjef Geir Håøy møter tilsette ved anlegget på Longva 2. april 2019, dager etter at Kongberg Gruppen formelt tok over Rolls-Royce Marine og resten av marinedivisjonen til Rolls-Royce. Foto Ogne Øyehaug
Nytt

Kraftig kutt i underskotet

Tidlegare Rolls-Royce Marine gjekk frå milliardminus på drifta i 2019 til millionminus i fjor.

29.06.2021

Kongsberg Maritime CM hadde 1,1 milliardar kroner i underskot på drifta i 2019.

Det var det siste i ei serie av år med store underskot for eitt av dei store industrilokomotiva på Nordvestlandet.

I fjor var driftsunderskotet krympa til 115 millionar kroner (sjå tabell).

Før Kongsberg Gruppen kjøpte marinedivisjonen til Rolls-Royce heitte Kongsberg Maritime CM Rolls-Royce Marine. Det omfattar produksjonsanlegg og kontor på Longva, i Brattvåg, i Hjørungavåg og Ulsteinvik og kontor på NMK i Ålesund.

157 færre tilsette
Selskapet hadde 1269 tilsette ved utgangen av 2020, 157 færre enn året før.

Etter at Kongsberg Gruppen tok over eigarskapen var det gjort ei rekke tiltak for å samordne den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce med den opphavlege maritime verksemda til Kongsberg Gruppen, som er samla i datterselskapet Kongsberg Maritime.

Dei tiltaka er årsaka til resultatforbetringa i følgje årsrapporten til Kongsberg Commercial Marine CM.

Lite nybygg
Den verdsomspennande koronaepidemien medverka til at det vart bestilt rekordfå nye skip i fjor. Det merka utstyrsprodusenten Kongsberg Maritime CM godt, ifølgje årsmelding til selskapet. Men selskapet har i liten grad blitt fått avbestillingar på allereie inngåtte avtaler, men i større grad få avtalar utsett.

I ettermarknaden (service, vedlikehald og reparasjonar på utstyr frå selskapet) har reiserestriksjonar hemma salet. Men eit verdsomspennande nett av servicstasjonar har redusert ulempene av at det har vore vansklegare å reise ut frå Noreg.

Betre i år
Kvartalsrapporten til Kongsberg Gruppen for 1. kvartal 2021 tyder på at resultatforbetringa i Kongsbergverksemdene på Nordvestlandet held fram i år.

I rapporten, var presentert i slutten av april i år, fortalde Kongsberg Gruppen om stigande lønsemda i år i det som var den største utfordringa hos selskapa Nordvestlandet ved overtakinga i 2019.

Dekksmaskineri-verksemda, mellom anna med tyngdepunkt i Brattvåg hadde eit "betydleg" negativ driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebitda) då Kongsberg tok over , i følgje kvartalsrapporten.

Ein kombinasjon av nysal og oppdrag i ettermarknaden gjer at den delen av verksemda har ei lønsemd på nivå med gjennomsnittet for heile forretningsområdet, ifølgje kvartalsrapporten.

Kongsberg Maritime CM as
Tal i mill. kroner

2020

2019
Driftsinntekter3881,5

4115,5

Driftsresultat-114,7-1189,6
Resultat før skatt-1231,6-1223,6

Milliardnedskriving
Som ein del av omorganiseringa etter at Kongsberg Gruppen tok over blei selskapet Ulstein Holding slått saman med Kongsberg Maritime CM i fjor haust.

Verdien på eigarskapen i Ulstein Holding blei nedskrive med 1,1 milliardar kroner i fjor, som er årsaka til at Kongsberg Maritime CM fekk eit resultat før skatt på 1,2 milliardar kroner i 2020. Nedskrivinga er ein reknskapsteknisk konsekvens av samanslåinga.

1. januar 2021 vart Kongsberg Maritime CM slått saman med Kongsberg Maritime.

Publisert: 29.06.2021 11:01

Sist oppdatert: 30.06.2021 06:44

Mer om