Nytt
Sju milliardar i minus på sju år
Nytt milliardunderskot i Kongsberg Maritime CM, tidlegare norske Rolls-Royce Marine as.
25.09.2020
I det som kan vere det siste reknskapet før full samansmelting med datterselskapet Kongsberg Maritime i Kongsberg Gruppen, legg Kongsberg Maritime CM fram eit underskot før skatt i 2019 på 1,2 milliardar kroner. I 2018 var underskotet 0,9 milliardar kroner. Frå og med 2013 har tidlegare Rolls-Royce Marine - som no er ein del av Kongsberg Gruppen - gått med sju milliardar kroner i minus.
På pluss-sida er at 2019-tala viser ein liten auke i inntektene, etter at selskapet har hatt fallande inntekter i fem år på rad. Sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida.
I toppåret 2010 hadde selskapet 12,8 milliardar kroner i driftsinntekter, i 2013 10 milliardar. I fjor blei driftsinntektene 4,4 milliardar kroner.
Med anlegg og tilsette på Longva, i Brattvåg, Ålesund, Hjørungavåg og Ulsteinvik er selskapet ein av dei største arbeidsgivarane på Nordvestlandet og ein tungvektar blant utstyrsleverandørane i den maritime klynga. I fjor sysselsette selskapet 1426 årsverk.
I mai 2019 kom den første meldinga om kutt. 260 stillingar skulle bort, omlag 100 i Noreg. Då Kongsberg Gruppen i februar i år la fram årsrapporten for 2019 hadde 315 av i alt 485 som skulle nedbemannast slutta i selskapet.
No er det uro rundt avdelinga i Ulsteinvik, der planen er å flytte deler av produksjonen til utlandet.
Målet for Kongsberg Gruppen er å hente ut kostnadskutt- og samanslåingsgevinstar på i alt 500 millionar kroner årleg etter kjøpet av marinedivisjone til Rolls-Royce. Opphavleg var planen å nå dette målet i løpet av 2022, men då 2019-tala vart lagt fram sa selskapet at planen er å nå målet alt i år.
I og med at drifta av Kongsberg Maritime langt på veg er samordna og folk jobbar med oppgåver på tvers av selskapa dei formelt sett er tilsette i er ikkje 2019 og 2018-tala heilt samanliknbare. Frå og med i år har Kongsberg Gruppen slutta å rapportere eigne tal for Kongsberg Maritime CM.
Medrekna Kongsberg Maritime CM hadde Kongsberg Maritime 8,3 milliardar kroner i driftsinntekter første halvår 2020, og er det største datterselskapet i Kongsberg Gruppen. Hadde Kongsberg Maritime CM vore ein del av Kongsberg Gruppen frå 1. januar 2019 ville Kongsberg Maritime hatt 7,8 milliardar kroner i driftsinntekter i første halvår 2019 ifølgje proformatal frå Kongsberg Gruppen. (sjå tabell).
I første halvår i år fall ordreinngangene til Kongsberg Maritime, med unntak av dekksmaskin-divisjonen, men lønsemda auka og driftsresultatet blei snudd frå underskot i første halvår 2019 til overskot i første halvår 2020.
På pluss-sida er at 2019-tala viser ein liten auke i inntektene, etter at selskapet har hatt fallande inntekter i fem år på rad. Sjå tabell - på mobil finn du den nederst på sida.
I toppåret 2010 hadde selskapet 12,8 milliardar kroner i driftsinntekter, i 2013 10 milliardar. I fjor blei driftsinntektene 4,4 milliardar kroner.
Med anlegg og tilsette på Longva, i Brattvåg, Ålesund, Hjørungavåg og Ulsteinvik er selskapet ein av dei største arbeidsgivarane på Nordvestlandet og ein tungvektar blant utstyrsleverandørane i den maritime klynga. I fjor sysselsette selskapet 1426 årsverk.
Kuttar kostnadar og stillingar
Kongsberg Gruppen kjøpte marinedivisjonen til Rolls-Royce, der norske Rolls-Royce Marine as var det største selskapet - for 5,3 milliardar kroner og overtok eigarskapen 1. april 2019.I mai 2019 kom den første meldinga om kutt. 260 stillingar skulle bort, omlag 100 i Noreg. Då Kongsberg Gruppen i februar i år la fram årsrapporten for 2019 hadde 315 av i alt 485 som skulle nedbemannast slutta i selskapet.
No er det uro rundt avdelinga i Ulsteinvik, der planen er å flytte deler av produksjonen til utlandet.
Målet for Kongsberg Gruppen er å hente ut kostnadskutt- og samanslåingsgevinstar på i alt 500 millionar kroner årleg etter kjøpet av marinedivisjone til Rolls-Royce. Opphavleg var planen å nå dette målet i løpet av 2022, men då 2019-tala vart lagt fram sa selskapet at planen er å nå målet alt i år.
Smeltar saman
Arbeidet med å smelte Rolls-Royce Marine og resten av marinedivisjonen til Rolls-Royce saman med Kongsberg Maritime starta straks Kongsberg Gruppen overtok eigarskapen. Men Kongsberg Maritime CM, som Rolls-Royce Marine skifta namn til, er framleis eit eige selskap med eige reknskap.I og med at drifta av Kongsberg Maritime langt på veg er samordna og folk jobbar med oppgåver på tvers av selskapa dei formelt sett er tilsette i er ikkje 2019 og 2018-tala heilt samanliknbare. Frå og med i år har Kongsberg Gruppen slutta å rapportere eigne tal for Kongsberg Maritime CM.
Medrekna Kongsberg Maritime CM hadde Kongsberg Maritime 8,3 milliardar kroner i driftsinntekter første halvår 2020, og er det største datterselskapet i Kongsberg Gruppen. Hadde Kongsberg Maritime CM vore ein del av Kongsberg Gruppen frå 1. januar 2019 ville Kongsberg Maritime hatt 7,8 milliardar kroner i driftsinntekter i første halvår 2019 ifølgje proformatal frå Kongsberg Gruppen. (sjå tabell).
I første halvår i år fall ordreinngangene til Kongsberg Maritime, med unntak av dekksmaskin-divisjonen, men lønsemda auka og driftsresultatet blei snudd frå underskot i første halvår 2019 til overskot i første halvår 2020.
Publisert: 25.09.2020 09:06
Sist oppdatert: 04.03.2021 16:06