Christian chramer
TYNGRE START: Fleire faktorar dreg feille veg for norsk sjømateksport i starten av 2026, fortel administrerande direktør Christian Chramer i Noregs Sjømatråd. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kraftig USA-fall for sjømateksporten

Samla nedgang for sjømateksporten hittil i år. Får svi for toll og sterk krone.

04.03.2026

NPK-NTB-Marius Helge Larsen:  – Starten på dette året har vore meir krevjande enn i fjor, seier administrerande direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd i ei pressemelding.

Han forklarer utviklinga slik:

– Lågare tilførsel av skaldyr og villfanga fisk på grunn av kvotereduksjonar, kombinert med ei uroleg verd og handelshindringar påverkar marknaden, varestraumar og prisar endå sterkare enn vi har opplevd tidlegare, seier administrerande direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd i ei pressemelding

Sterkare krone
Noreg eksporterte sjømat for 28,5 milliardar kroner dei to første månadene i år, ifølgje den ferske statistikken frå Sjømatrådet. Det er ein nedgang 2,7 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Ein del av forklaringa er at kronekursen har styrkt seg, og at ein derfor får mindre betalt i norske kroner for sjømaten.

Nedgang i USA 
Men fleire andre utfordringar er også tydelege. I februar i år var sjømateksporten til USA 36 prosent lågare enn i same månad i fjor.

Den enda på ein verdi på 1 milliard kroner.

Lakseeksporten til USA fall med 34 prosent, og mest for fersk filet.

– Det må sjåast i lys av toll, auka uvisse omkring framtidige handelsvilkår, auka konkurranse frå andre produsentnasjonar og ein svekt amerikansk dollar, seier sjømatanalytikar Paul T. Aandahl i Sjømatrådet.

Kina-vekst
Men samtidig skyt den norske sjømateksporten til Kina fart, med ein vekst på 54 prosent samanlikna med februar i fjor. I februar stod Kina for 8,9 prosent av verdien av norsk sjømateksport.

Ein del av veksten blir knytt til feiringa av kinesisk nyttår. Då går det unna med norsk laks – som hadde ein eksportvekst til Kina på heile 126 prosent samanlikna med i fjor.

– Den kinesiske nyttårsfeiringa følgjer månekalenderen og hamna i år i midten av februar. Det gjekk store laksevolum til Kina i forkant av høgtida, seier Noregs sjømatråds utsending til Kina, Sigmund Bjørgo i pressemeldinga.

Sjømatrådet beskriv lakseveksten som kraftig og fortel at ein stor del av veksten kjem av sal av gåvepakkar med laks til nyttår. Distribusjonen i Kina har også betra seg det siste året, ifølgje Sjømatrådet.

– Den norske laksen kan no kjøpast i fleire butikkar, i sosiale medium og i nabolagsbutikkar og kan bli levert heime hos kundane i løpet av ein halvtime, seier Bjørgo.

Utfordrande torskeeksport
Dei norske torskekvotane har vorte kutta kraftig, og det viser igjen på tala. Ikkje sidan statistikken til Sjømatrådet starta i 2013, vart det landet mindre fersk torsk enn i februar i år.

– Dermed fekk vi også det lågaste eksportvolumet av fersk villtorsk i ein februar månad sidan 2009, seier sjømatanalytikar Eivind Hestvik Brækkan i Sjømatrådet

For fersk villtorsk fall eksportvolumet 21 prosent, til 2.552 tonn, medan eksportverdien fall fire prosent, til 280 millionar kroner.

Oppdrettstorsken utgjorde 29 prosent av eksportverdien av fersk torsk.

Gode sildetal
Når det gjeld sild, blir det meldt om eit svært godt vinterfiske.

I januar og februar vart det totalt landet 170.000 tonn sild, noko som er ein auke på 64 prosent samanlikna med same periode i fjor.

– Vi må tilbake til 2012 for å finne tilsvarande tal, og det gir også utslag på eksportstatistikken, seier ansvarleg for pelagiske artar i Noregs sjømatråd, Jan Eirik Johnsen.

Egypt var i februar den klart største eksportmarknaden for heil frosen sild frå Noreg.

– I Egypt er sild eit av dei viktigaste sjømatprodukta, og den blir i all hovudsak konsumert røykt. Det blir kalla ringa og er spesielt knytt til den nasjonale vårfeiringa Sham El-Nassim, som i år fell på 13. april, seier Johnsen.

Publisert: 04.03.2026 10:22

Sist oppdatert: 04.03.2026 10:29

Mer om