Sandfang og spyling 1 Norva24 foto Norva24
VEKST: 41 oppkjøp er gjort sidan starten av det som i dag er Norva24-konsernet. Foto: Norva24
Nytt

Kraftig vekst for Norva24

Vaks 22 prosent i 2022 og skal vekse minst like raskt kvart år til og med 2025.

24.02.2023

I 2025 skal Norva24-konsernet nå 4,5 milliardar kroner i driftsinntekt, opp frå 2,5 milliardar kroner i dag.

For å nå vekstmålet må konsernet, med hovudkontoradresse i Stryn, oppretthalde same veksttakt som i fjor både i år, neste år og i 2025.

Les børsmelding her

Ideen til det som er blitt Norva24-konsernet blei klekt ut i Stryn. Hovudkontoradresse og ein del hovudkontorfunksjonar ligg også i Nordfjord-kommunen, i tillegg til at fleire større aksjonærar er stryningar.

Selskapet driv i Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland og målet er å bli eit stort selskap i den europeiske marknaden.

Konsernet driv på fleire felt, mellom anna slamhandtering frå private og kommunale kloakktankar og reinseanlegg, vedlikehald og inspeksjon av vass- og avløpsanlegg, i tillegg til arbeid med skipstankar, røyr og andre type tankar i industrien.

Sjå resultatpresentasjon frå 09:30 her

41 oppkjøp
Modellen for vekst har vore den sama heile vegen, selskap som blir kjøpt opp og eksisterande eigarar frå tilbod om å bli med på eigarsida i konsernet.

I fjor innlemma Norva24 seks nye selskap i konsernet og ytterlegare eitt så langt i år. Dei sju har ei samla driftsinntekt på 440 millionar kroner. I alt er det gjort 41 oppkjøp sidan starten.

541 millionar i Stryn
Det svenske investeringsfondet Valedo Partners eig 33,03 prosent og er største eigar.

Stryn-selskapet Invest24 eig 6,85 prosent i Norva24. Arild Bødal og fire medlemer av Sandbakk-familien eig ein tredjepart kvar i Invest24.

Sandbakkfamiliens selskap Isco eig også ein post på 1,21 prosent i Norva24 og Arild Bødal ein post på 1,14 prosent direkte. Før børsopning i dag er aksjekursen i Norva24 32,20 svenske kroner. Med den kursen har Invest24, Arild Bødal og Isco aksjar for tilsaman 541 millionar svenske kroner i Norva24.

Norva 24
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt24672025

Driftsresultat

212194
Resultat etter skatt14086
Norva 24
4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt720589
Driftsresultat3576
Resultat etter skatt1351
Norva 24 er notert på børsen i Stockholm. Selskapet oppgir resultat etter skatt.

Publisert: 24.02.2023 08:51

Sist oppdatert: 24.02.2023 08:54

Mer om