Kraftig vekst i tredje kvartal
Hofseth Biocare aukar produksjonen, men har 99 millionar i minus hittil i år.
Råvaremangel var ein flaskehals for Hofseth Biocare i starten av 2022, men endra seg til det betre i løpet av sommaren. Det medverka til at selskapet meir enn dobla driftsinntektene i tredje kvartal. Samstundes gjekk underskotet litt ned (sjå tabell).
Hofseth Biocare vidareforedlar avskjer og restråstoff frå lakseforedling til ingrediensar til helsekost og kjæledyrfôr, og utviklar og produkt som kan bli legemiddel. Største aksjonær er sveitsiske Six Sis AG, medan RH Industri er nest størst med 17,5 prosent eigarskap. RH Industri er eigd av eit heileigd selskap av Roger Hofseth, primus motor for Hofseth Biocare,
Selskapet har kontor i Ålesund og fabrikk i Midsund.
Trass den relative betringa av lønsemda i tredje kvartal er Hofseth Biocare framleis eit selskap med store underskot. Hittil i år er resultatet før skatt minus 99,1 millionar kroner og i tredje kvartal åleine var resultatet før skatt minus 35,1 millionar kroner.
Aksjekursen til børsnoterte Hofseth Biocare har falle 16,9 prosent dei siste sju dagane. Før børshandelen opnar i dag er kursen 2,75 kroner. Det er den lågaste kursen sidan juni 2019, like før Hofseth Biocare-kursen steig til over 10 kroner aksjen i november 2019.
Hofseth Biocare ASA | ||
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 86,8 | 61,5 |
Driftsresultat | -93,4 | -84,6 |
Resultat før skatt | -99,1 | -89,3 |
Hofseth Biocare ASA | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 30,2 | 13,7 |
Driftsresultat | -33,1 | -36,8 |
Resultat før skatt | -35,1 | -37,8 |
Publisert: 11.11.2022 08:54
Sist oppdatert: 11.11.2022 09:09