Hofseth Biocare Jon olav Ødegård produksjon foto ogne HBC 11
TILBAKE SOM SJEF: Jon Olav Ødegård er tilbake som toppsjef for Hofseth Biocare og kan gle seg over god produksjon ved fabrikken i Midsund. Foto: Ogne Øyehaug/Hofseth Biocare
Nytt

Full guffe på Midsund-fabrikken

Betre tilgang på råstoff - og snart treng Hofseth Biocare ein partnar for å utvikle legemiddel.

Marius Rosbach
31.08.2022

Få har venta meir tolmodig på eit overskot enn Hofseth Biocare. Det kom heller ikkje då selskapet nyleg leverte rekneskapen for første halvår.

Men trass nytt underskot (sjå tabell under) har optimismen kanskje aldri vore større enn no. Betre tilgang på råstoff er stikkordet og gir fullt køyr ved fabrikken på Midsund som stod klar for eit par år sidan.

– Råstoffsituasjonen har endra seg dramatisk etter sommaren. Nå produserer vi i et heilt anna tempo enn vi gjorde i førre kvartal, fortel Jon Olav Ødegård til NETT NO.

Han er no tilbake for fullt i sjefsrolla, etter at eigar Roger Hofseth hadde rolla ei periode.

Produserer på 90 prosents kapasitet
Den dårlege tilgangen på råstoff blir omtalt i den siste kvartalsrapporten. Kraftig prishopp på laks i førre kvartal gjorde at meir av laksen blei selt ubehandla til utlandet.

Hofseth Biocare, som lagar ingrediensar til kosttilskot og helsekostprodukt frå avskjer og restråstoff frå lakseindustrien, måtte dermed skru ned produksjonen.

Etter at dei mellom anna har sikra meir råstoff frå eige anlegg, er situasjonen no ein heilt anna. No blir det produsert på 90 prosent kapasitet – mot kring 40 prosent i periodar tidlegare i år.

(saka held fram under)

Hofseth biocare midsund foto hofseth biocare 11
MIDSUND: Fabrikken på Midsund stod klar til produksjon for eit par år sidan. Selskapet ventar auka produksjon her utover hausten, samanlikna med siste kvartal. Foto: Hofseth Biocare

– Talla våre vil sjå annleis ut framover
No krysser selskapet fingrane for at råstofftilgangen held seg oppe utover hausten.

– Det er viktig for oss å bygge opp produksjonen på Midund, og no i august er det full guffe. Det gir oss også nokre stordriftsfordelar, som gjer at talla våre vil sjå annleis ut framover, seier Ødegård.

Hofseth Bioccare-sjefen vil likevel ikkje spå noko om kva tid, eller kva omsetning som trengs for at selskapet skal kome i pluss.

– Det avhenger av fleire faktorar. Ein ting er omsetninga, men marginane vi oppnår er like viktig. Dei blir betre om vi produserer på full, enn halv kapasitet. Samtidig er prisane generelt på veg opp i våre marknader. Det gjer også at marginane går opp, legg han til.

Selskapet påpeika også betydeleg betre bruttomargin frå salet i kvartalsrapporten.

Kan trenge partnar til legemiddel
Roger Hofseth har aldri lagt skjul på at selskapet har eit mål å kome inn på legemiddelmarknaden. Lista i den siste kvartalsrapporten teller 14 pågåande forskingsprosjekt.

– Vi jobber innafor to hovudområder: Anemi og mage- og tarmsjukdommar og ulike betennelser i luftvegene som for eksempel astma, fortel Ødegård.

I kvartalsrapporten går det også fram at det blir planlagt eit forstudie for eit legemiddel mot øsofagitt - betennelsestilstand i spiserøret.

– Det er ein spennande studie der vi trur at vi er i ferd med å kome fram til ein medisinsk «lead», seier Ødegård.

På spørsmål om korleis han ser for seg eit løp med å ta steget over til legemiddelproduksjon svarar han slik:

– Alle som ser talla våre vil forstå at det er noko vi ikkje har ressursar til å utvikle på eiga hand. Då må vi i tilfelle ut og finne ein partnar, legg han til.

– Fått inn fleire unge talent
Auke produksjon betyr ikkje nødvendigvis at selskapet treng fleire tilsette. Ødegård fortel at dei likevel kan trenge fleire folk – om dei rette melder seg.

– Vi har merka at vi har fått ein del spennande søkjarar, som gjer at vi har tilsett fleire. Det er ein del frå andre stader i landet i tillegg til dei vi ansetter i utlandet som ønsker å jobbe for oss, og mange av dei har bakgrunn frå bioteknologi, farmasi og biokjemi, fortel han.

– Eg trur at fleire ser på Hofseth Biocare som eit spennande selskap å jobbe i. Vi har fått inn fleire unge talent som har søkt seg til oss, legg Ødegård til.

Hofseth Biocare

1. halvår. I mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt

56,6

47,8
Driftsresultat
-44,6
-33,4
Resultat før skatt
-64
-51,5



Hofseth Biocare


2. kvartal. I mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
25,9
31
Driftsresultat
-18,3
-14,6
Resultat før skatt
-28,4
-26,7

Publisert: 31.08.2022 05:00

Sist oppdatert: 31.08.2022 05:34

Mer om