
Kraftig vekst og rekordoverskot for Furuno
Alle pilane peika opp i fjor. No ventar tøffe år trur utstyrsleverandøren.
Furuno Norge har lagt bak seg fleire år der pilane har peika oppover både for omsetninga og resultatet.
Selskapet leverer utstyr til fleire ulike fartøytypar i form av produkt til navigasjon, kommunikasjon og fiskeleiting, som ekkolodd, sonarar og fangstkontrollsystem.
2023-rekneskapen viser at fjoråret vart eit år med rekordhøg aktivitet for konsernet. Omsetninga auka med meir enn 30 prosent og enda på 377 millionar kroner.
Styret skriv i årsmeldinga for 2023 at inntektene enda betydeleg over budsjett i fjor, og at pilane peika opp i alle segment.
Rekordhøgt overskot i fjor
Også resultatet før skatt er det høgste nokon gong for konsernrekneskapen til selskapet, med eit overskot på drygt 29 millionar (sjå tabell under).
Lønnsemda heldt seg på nivået frå dei siste åra, med ein resultatmargin kring åtte prosent.
Styret seier seg nøgd med økonomien i årsmeldinga og skriv at dei har musklar til vidare investeringar. I løpet av fjoråret deltok selskapet óg i ei kapitalutviding i dotterselskapet Telko As.
Furuno Norge (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftinntekt | 377,6 | 282,3 |
Driftsresultat | 26,4 | 22,4 |
Resultat før skatt | 29,4 | 24,3 |
– Dei neste par åra kan bli tøffe
Ordreboka ved utgangen av 2023 var på nivå med inngangen til fjoråret. Styret ventar samtidig at salet i år vil vere lågare enn i fjor.
– Vi ser mot 2024 med ein miks av spenning og uro, heiter det i årsmeldinga.
– Dei neste par åra kan bli tøffe, men heile organisasjonen er klare til utnytte alt som skal til, for å komme oss gjennom, skriv styret.
Dei spår at valutaforhold og kontantstraum vil vere utfordringar i åra som kjem.
Les også
Auka eigenkapital og knapt gjeld
Hovudkontoret til Furuno Norge ligg i Ålesund, og selskapet har avdelingskontor i Bergen og Oslo. I tillegg har dei to dotterselskap på Tjøme på Austlandet og ved Gøteborg i Sverige.
Konsernet sin eigenkapital hadde auka til 175 millionar ved utløpet av 2023, og den langsiktige gjelda var på 450.000 kroner.
Furuno Norge er eigd av japanske Furuno Electric.
Publisert: 03.09.2024 10:11
Sist oppdatert: 03.09.2024 11:54