I desember var spotprisen i Nordpool-ormådet for Midt-Noreg på 35,8 øre kWh. Det var seks øre lavare enn i november.
Dette opplyser kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi i sin månadsrapport.
Han viser til at årsaka til fallet var ein svært mild vinter.
I Noreg var snittemperaturen 3,4 grader under normalen, for Austlandet over fem grader over normalen.
Etter ein tørr haust, vart det ein skikkeleg våt desember.
I desember var nedbøren 140 prosent over normalt, men for Nordvestlandet berre 50-75 prosent over det normale.
Det milde vêret held også fram inn i det nye året.
Havåg opplyser at dette gjeld for heile Norden, men også for Tyskland.
Men samstundes som mildt vêr og mykje vind fører til fall i den nordiske spotprisen, fører auka olje- og gassprisar til auka kraftprisar andre stader.
Tussa operer no med ein fastpris ut 2020 på 31,58 øre/kWh, men selskapet trur at prisen på nytt vil auke, og har ein fastpris for 2021 på 34,88 øre/kWh.
Dette opplyser kraftanalytikar Tor W. Havåg i Tussa Energi i sin månadsrapport.
Han viser til at årsaka til fallet var ein svært mild vinter.
I Noreg var snittemperaturen 3,4 grader under normalen, for Austlandet over fem grader over normalen.
Etter ein tørr haust, vart det ein skikkeleg våt desember.
I desember var nedbøren 140 prosent over normalt, men for Nordvestlandet berre 50-75 prosent over det normale.
Tørt år
Året under eitt var det derimot tørrare enn normalt, og kraftproduksjonen balanserte tett på forbruket gjennom heile året.Det milde vêret held også fram inn i det nye året.
Havåg opplyser at dette gjeld for heile Norden, men også for Tyskland.
Men samstundes som mildt vêr og mykje vind fører til fall i den nordiske spotprisen, fører auka olje- og gassprisar til auka kraftprisar andre stader.
Likvidering gav prishopp
Spesielt har olje- og gassprisen auka kraftig etter likvideringa av den iranske generalen Quasem Soleimani, og blant anna førde uroa til at tysk årskraft sist fredag steig med ein heil euro.Tussa operer no med ein fastpris ut 2020 på 31,58 øre/kWh, men selskapet trur at prisen på nytt vil auke, og har ein fastpris for 2021 på 34,88 øre/kWh.
Publisert: 08.01.2020 13:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49