Johannes Rauboti foto Ogne
TAP: Kraftsikringsavtalane for 2021 gjer at SFE-sjef Johannes Rauboti varslar marknaden om ein negativ resultateffekt på 150 millionar kroner i 2021. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kraftsmell for SFE

Sogn og Fjordane Energi med tresifra milliontap på sikringsavtalar.

24.01.2022

Sogn og Fjordane Energi (SFE) kom godt ut av 2020 takka vere sikringsavtalar som gjorde at selskapet fekk godt betalt for kraft si sjølv om spotprisen stupte.

I 2021 slo det stikk motsett ut, og i dag sende selskapet ut eit børsmelding om at sikringskontraktane "gir eit negativt resultatbidrag for 2021 på ca 150 mill. kr etter skatt".

Det er over dobbelt så stort tap som SFE anslo i halvårsrapporten for 1. halvår 2021.

Les børsmelding her

Flaskehalseffekt
Det er dei store skilnadane i pris mellom dei ulike produksjonsområda som er årsaka til det store tapet, ifølgje konsernsjef Johannes Rauboti i SFE.

SFE har storparten av kraftproduskjonen sin nord for Sognefjorden, der prisen for krafta er lågare enn sør for Sognefjorden.

Han seier det er for tidleg å svare på kva effekt tapet for kor stort utbytte SFE vel å betalt etter 2021.

Kraftsikringsavtalar dempar inntektstapet for kraftselskapa når kraftprisane fell og dempar inntektsauken når prisane stig ut over det kraftselskapa har binde seg til.

I tillegg er prissikringsavtalane slik at ulike kraftprisar i ulike landsdelar gir ekstra og reelle tap når kraftprisen blir høgare enn kraftselskapet har satsa på, og omvendt når prisane blir lågare. Det er den effekten som slår negativt ut for SFE i fjor.

75 millionar i utbytte
I 2020 såg selskapet an utviklinga i kraftmarknaden til ut i august før utbyttet for 2019, på 120 millionar kroner, vart betalt til eigarane.

Etter 2020 foreslo styret eit utbytte på 75 millionar kroner.

Rauboti seier til NETT NO at SFE i fjor vedtok av slutte å inngå den typen sikringsavtalar som selskapet tapte på i 2021.

Publisert: 24.01.2022 15:08

Sist oppdatert: 24.01.2022 15:18