Krass kritikk mot regjeringa
Skatteauken frå regjeringa vil gi uante negative konsekvensar for næringslivet langs kysten, meiner styreleiar i maritim bransjesjef i Norsk Industri.
Styreleiar Geir Bjørkeli frå Maritim Bransjeforening i Norsk Industri lista opp fleire uløyste problemsaker for maritim næring i sitt innlegg i starten av Verftskonferansen i Ålesund tysdag:
- Skipsverfta har framleis hengande over seg at dei kan måtte bere heile kostnaden med på reinse sjøbotnen utanfor bedriftene sine. Det er ein rekning verfta så langt forgjeves har prøvd å få staten med på å dele.
- Norske styresmakter er for å redde for å utfordre EU og EØS-avtalen når det gjeld støtte og stimuleringstiltak for å få skipsbygging i Noreg.
- Eg trur ei anmerkning frå Brussel for å ha gått litt for langt (i å støtte norske verft, red. merk) ville blitt godt mottatt langs kysten, sa Bjørkeli i sitt innlegg.
- Trippel skatteauke som regjeringa har foreslått i statsbudsjettet er det tredje punktet på Bjørkeli si liste: Det er auka arbeidsgivaravgift på løner over 750.000 kroner, auka formueskatt og grunnrenteskatten på oppdrettsnæringa.
- Det vil gi uante ringverknadar for oss langs kysten, sa Bjørkeli i sitt innlegg, og meinte negative ringverknadar.
Vil ikkje gi opp
Bjørkeli oppmoda kvar einskild i salen om å gå på sine lokale politikar, først og fremst frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet, for å overtyde dei om at regjeringa må gå attende på skatteframlegga sine.
- Det vil vere heilt umogleg for lokal senterparti- og arbeidarpartirepresentantar å drive valkamp om mindre enn eitt år om dette blir ståande, seier han til NETT NO og skatteauken som er foreslått i statsbudsjettet for 2023.
Statssekretær Vidar Ulriksen frå Nærings og Fiskeridepartementet sa i sitt innlegg at departementet har sett i gang ei utgreiing av kva handlingsrom norsk styresmakter har innanfor EØS-avtalen for å bidra til at skip som blir bestilt frå offentlege aktørar blir bygd i Noreg. Utgreiinga skal vere ferdig i januar 2023.
Publisert: 01.11.2022 11:46
Sist oppdatert: 01.11.2022 13:11