Det raknar for regjeringa
Sinte ordførarar og elendige meiningsmålingar er ein dårleg kombinasjon for regjeringa, men kan vere godt nytt for næringslivet.
ANALYSE
Når det er Senterpartiet og Arbeidarpartiet sine ordførarar i Møre og Romsdal som er initiativtakarane til eit opprop mot regjeringa sitt framlegg på skatteauke bør alarmen gå hos regjeringspartia.
I ei meiningsmåling for Dagbladet denne veka svara 18,1 prosent at dei ville røysta Arbeidarpartiet om det var val i dag. 6,9 prosent ville røysta på Senterpartiet. Begge taper oppslutning sidan førre måling. Motbør frå sine eigne er det siste regjeringspartia treng.
Det kan gi kursendring.
Det er vanlegvis opposisjonspartia sin jobb å hakke laus på regjeringa sin politikk, men denne veka kom Sunnmøre Regionråd med samrøystes og kraftig kritikk av skatteauken for næringslivet som regjeringa har foreslått i statsbudsjettet for 2023. Sunnmøre Regionråd er eit samarbeidsorgan på Sunnmøre, med ordførarane som medlemar.
"Vi meiner innstrammingane er for store, at det rammar næringslivet for hardt og at det kan føre til konkursar og arbeidsløyse neste år"., skriv Sunnmøre Regionråd i si fråsegn.
Det er ei klar melding, og det verkeleg interessante er at det var Senterparti- og Arbeidarpartiordførarane som skreiv fråsegna og fekk resten av regionrådet med på den.
Til og med formuesskatten vil Sunnmøre Regionråd ha gjort noko med.
Les korleis initiativet til fråsegna oppsto og heile fråsegna ved å klikke på lenke til artikkel:
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) kalla inn til pressekonferanse veka før statsbudsjettet vart lagt fram 5. oktober, for å fortelje om auka grunnrenteskatt på vasskraftselskapa, innføring av grunnrenteskatt på vindkraft på land og grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa.
Framlegga hausta storm langs heile kysten og misnøyen blei ikkje mindre veka etter, då statsbudsjettet kom med ytterlegare skatteauke på næringslivet. Mellom anna må bedrifter neste år betale ekstra arbeidsgivaravgift på tilsette som tener over 750.000 kroner. (Offentlege verksemder som kjem inn under denne regelen skal få ekstrakostnaden kompensert).
Milliardinvesteringar er utsett eller avlyst vekene etter framlegga om skatteauken kom, aller mest i oppdrettsnæringa, men også i reiseliv.
Det er tydleg at dei kraftige reaksjonane har gjort inntrykk, kanskje mest i Senterpartiet med med fråsegna frå Sunnmøre Regionråd kjem skepsis også internt i Arbeidarpartiet til syne.
Senterpartiet køyrde først fram sin næringspolitiske talsperson Geir Pollestad og deretter nestleiar og forsking- og høgareutdannings-minister Ola Borten Moe for å forsvare grunnrenteskatten på oppdrett.
Etterpå har både partiet sin stortingsrepresentant for Møre og Romsdal, Jenny Klinge, og finansminster Trygve Slagsvold Vedum sjølv sagt at framlegget om grunnrenteskatt på oppdrett kan bli justert.
Klinge og Vedum sine signal er positive, sett frå oppdrettsbransjen si side.
Det at Senterpartiet først går aggressivt til verks for å forsvare grunnrenteskatten for oppdrettselskap og deretter seier at skatten kan justerast gir imidlertid eit inntrykk av at heile framlegget var dårleg førebudd.
Fråsegna frå Sunnmøre Regionråd tyder også på at regjeringa kan få vanskar med sine eigne også når det gjeld den øvrige skatteauken for næringslivet.
Publisert: 30.10.2022 05:00
Sist oppdatert: 21.11.2022 00:37