Hareid-bedrifta Vest-Miljø som melde oppbod i slutten av juni, kom i alvorleg trøbbel etter at koronapandemien førte til stopp hos Kleven og Myklebust-verfta.
Det kjem fram i den førebelse innberetninga frå bustyrar Lone Klokkersund til Sunnmøre tingrett.
Etter selskapet melde oppbod er det kome inn 60 krav på drygt 9,2 millionar kroner.
Buet har bere fått inn 60.000 kroner og Nordea har teke over eigedomen på Brandal, som bustyrar vurderer vil vere vanskeleg å selje.
Firmaet hadde ein fast tilsett og to tilkallingsvikarar, i tillegg til dagleg leiar.
Det gjorde at dei ikkje hadde bruk for teneste deira lengre, og firmaet enda utan omsetning.
«Ettersom selskapet ikke fikk refinansiering, besluttet styret å melde oppbud i selskapet», heter det i beretninga frå bustyrar.
Til arbeidet var utført, fekk dei ikkje lagre skrapjern på staden frå hausten 2018, og måtte difor selje varelageret med tap.
I rapporten blir det omtalt korleis firmaet fant ein båt som kunne ta det meste av skrapjernet. Men kring 1000 tonn fekk ikkje plass om bord, og dette måtte fraktast med bil til Vartdal.
Det blir også vist til kostnader som følgje av pålegg frå Arbeidstilsynet og Brannvesenet og tømming av ein oljetank. Samla gjorde desse utgiftene gjorde at firmaet var pressa då koronakrisa slo til, ifølgje beretninga.
Bustyrar har ikkje funne noko ho meiner kan vere straffbart, eller andre ting som gjer at det er aktuelt med karantene. I rapporten blir det anbefalt at buarbeidet blir avslutta.
Det kjem fram i den førebelse innberetninga frå bustyrar Lone Klokkersund til Sunnmøre tingrett.
Krav på 9,2 millionar
Bedrifta dreiv transport og handtering av restavfall og skrapjern, og har gått med overskot til og med 2018. Fjoråret enda derimot med eit driftsunderskot på meir enn fire millionar kroner, ifølgje rapporten frå bustyraren.Etter selskapet melde oppbod er det kome inn 60 krav på drygt 9,2 millionar kroner.
Buet har bere fått inn 60.000 kroner og Nordea har teke over eigedomen på Brandal, som bustyrar vurderer vil vere vanskeleg å selje.
Firmaet hadde ein fast tilsett og to tilkallingsvikarar, i tillegg til dagleg leiar.
Koronakrisa utløysande
Vest-Miljø hadde i hovudsak dei to lokale verfta, Kleven og Myklebust, som kundar. Den utløysande årsaka til konkursen blir opplyst å vere koronabremsen hos verfta.Det gjorde at dei ikkje hadde bruk for teneste deira lengre, og firmaet enda utan omsetning.
«Ettersom selskapet ikke fikk refinansiering, besluttet styret å melde oppbud i selskapet», heter det i beretninga frå bustyrar.
Les også:
Selte med tap etter pålegg
Allereie før koronakrisa hadde Vest-Miljø utfordringar. Dei kom som følgje av eit pålegg frå fylkesmannen i Møre og Romsdal om å utbetre kai på eigedomen i Brandal.Til arbeidet var utført, fekk dei ikkje lagre skrapjern på staden frå hausten 2018, og måtte difor selje varelageret med tap.
I rapporten blir det omtalt korleis firmaet fant ein båt som kunne ta det meste av skrapjernet. Men kring 1000 tonn fekk ikkje plass om bord, og dette måtte fraktast med bil til Vartdal.
Situasjonen blei forverra
Selskapet fekk tilbake konsesjonen for å lagre skrapjern først etter nokre månader i februar 2019. Då hadde dei ikkje pengar til å bygge opp att varelageret – fordi innteninga let vente på seg.Det blir også vist til kostnader som følgje av pålegg frå Arbeidstilsynet og Brannvesenet og tømming av ein oljetank. Samla gjorde desse utgiftene gjorde at firmaet var pressa då koronakrisa slo til, ifølgje beretninga.
Bustyrar har ikkje funne noko ho meiner kan vere straffbart, eller andre ting som gjer at det er aktuelt med karantene. I rapporten blir det anbefalt at buarbeidet blir avslutta.
Les også:
Publisert: 24.08.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01