Dette opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Stipendet gjekk til unge talent innan kreative næringar som har potensiale for profesjonalisering og kommersialisering, og som er heilt i startgropa.
Fylkeskommunen opplyser at Ingeborg Refsnes frå Ålesund er journalist, fotograf og forteljar. Refsnes er flytta tilbake til Sunnmøre for to år sidan og er allereie kjent for mange gjennom fotoutstillinga «Prosjekt Hjørundfjord», og ser ein marknad for å hjelpe bedrifter med å vise seg fram sjølv i eige kontorlandskap.
Yvonne Cathrine Senn frå Sunndal er nyutdanna dansekunstnar, og vil utvikle eit scenehus og kunstkollektiv for profesjonelle sceniske utøvarar og undervisning.
Solveig Oterhals Landsvik frå Molde er journalist og programmerar som vil kombinere eigen kompetanse med kunnskapsformidling for barn.
Møre og Romsdal fylkeskommune, som samarbeider med Innovasjon Norge om Program for kreative næringar, ser eit stort potensiale i stipendmottakarane og deira bidrag til utvikling innan kreative næringar i Møre og Romsdal
Kreative næringar er definert som bransjane trykte medium, kulturarv, annonse og reklame, arkitektur, musikk, kunstnarleg verksemd, film, foto, spel, design, tv og radio, opplyser fylkeskommunen.
Stipendet gjekk til unge talent innan kreative næringar som har potensiale for profesjonalisering og kommersialisering, og som er heilt i startgropa.
Fylkeskommunen opplyser at Ingeborg Refsnes frå Ålesund er journalist, fotograf og forteljar. Refsnes er flytta tilbake til Sunnmøre for to år sidan og er allereie kjent for mange gjennom fotoutstillinga «Prosjekt Hjørundfjord», og ser ein marknad for å hjelpe bedrifter med å vise seg fram sjølv i eige kontorlandskap.
Yvonne Cathrine Senn frå Sunndal er nyutdanna dansekunstnar, og vil utvikle eit scenehus og kunstkollektiv for profesjonelle sceniske utøvarar og undervisning.
Solveig Oterhals Landsvik frå Molde er journalist og programmerar som vil kombinere eigen kompetanse med kunnskapsformidling for barn.
Eige program for kreative næringar
Stipendet er eit av fleire tiltak sett i gang gjennom fylkeskommunen sitt program for kreative næringar 2013-2016.Møre og Romsdal fylkeskommune, som samarbeider med Innovasjon Norge om Program for kreative næringar, ser eit stort potensiale i stipendmottakarane og deira bidrag til utvikling innan kreative næringar i Møre og Romsdal
Kreative næringar er definert som bransjane trykte medium, kulturarv, annonse og reklame, arkitektur, musikk, kunstnarleg verksemd, film, foto, spel, design, tv og radio, opplyser fylkeskommunen.
Publisert: 08.11.2016 12:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39