Krev pengar paa bordet etter smittetiltak
BER OM FLEIRE TILTAK: Siv Jensen (Frp) meiner regjeringa har vore bakpå når det gjeld økonomiske tiltak i koronakrisa.
Nytt

Krev pengar på bordet etter smittetiltak

Frp-leiaren påpeiker at mange bedrifter opplever at støtteordningane ikkje treff dei, medan Sp etterlyser ein nasjonal kriseplan. 

Marius Rosbach
05.11.2020
(NPK-NTB-Gunnhild Hokholt Bjerve): Endå strengare smittereglar må få følgje av fleire økonomiske og sosiale tiltak, meiner opposisjonen. Frp meiner regjeringa er bakpå.
– Regjeringas kompensasjonsordning har ikkje vore tilstrekkeleg, og regjeringa ha vore bakpå heile vegen sidan mars. No har ein hatt god tid til å førebu seg til desse tinga, sa Frp-leiar Siv Jensen, etter at statsminister Erna Solberg (H) orienterte om nye og strengare smittetiltak torsdag.
– Eg trur mange opplever at tiltaka ikkje treffer dei som er ramma, og at ein av den grunn risikerer at bedrifter går over ende og folk mistar jobben unødvendig, sa ho.

Her er dei nye koronareglane:





Krev føreseielege vilkår

Også Arbeidarpartiets nestleiar Hadia Tajik meiner ein må kunne forvente at smittetiltak og økonomiske tiltak er betre koordinert no enn i mars.
Samtidig meiner ho at offentlege etatar må få ressursane som trengst for å ta vare på sårbare grupper under pandemien.
– For Arbeidarpartiet er det viktig at ingen skal sitje åleine med tunge tankar, at ingen barn skal overlatast til seg sjølv – og at ingen skal måtte oppleve å døy åleine fordi pandemien stengde dei inne. Dette må det setjast av pengar til å følgje opp, sa ho i Stortinget.

– Klattvis

Parlamentarisk leiar Marit Arnstad i Senterpartiet kritiserer regjeringa for ikkje å sikre brei støtte til tiltaka, men i staden «snikre løysingar samen med Frp».
Ho meiner regjeringa «nøler seg fram» fram og ikkje gir langsiktige løysingar for næringslivet.
– Det held ikkje med klattvise krisetiltak og pakkar. Det Noreg treng er ein kriseplan, seier Arnstad.

Psykisk helse

Også SVs Audun Lysbakken krev økonomiske og sosiale tiltak og meiner det trengst ei krisepakke til psykisk helse. Han er òg kritisk til at ikkje dei folkevalde får diskutere og vere med å bestemme så inngripande tiltak som regjeringa no innfører.
– Vi meiner det hadde vore klokt med ei breiare forankring, seier han, men understrekar at han sluttar opp om bodskapen til regjeringa om at situasjonen er alvorleg.

Her er dei nye koronareglane:



(©NPK)

Publisert: 05.11.2020 14:28

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:05