Krev solid lønshopp i kroner - ikkje som prosentauke
Folk skal få meir i lommeboka, krev Fellesforbundet, som vil prioritere auka kjøpekraft i årets lønnsoppgjer.
Forbundsstyret vedtok tysdag kravet forbundet hadde til årets tariffoppgjer. Etter to magre år skal lønna opp, er beskjeden.
– Når prisane stig utan at lønna heng med, så tener bedriftene gode pengar. Vi har hatt moderate oppgjer, medan mange bedrifter tener veldig godt. No er det arbeidsfolks tur til å få sin del av kaka, seier forbundsleiar Jørn Eggum.
Dei to siste lønnsoppgjera har vore prega av koronakrisa. Fellesforbundet og LO gjekk inn i oppgjera med krav om å sikre kjøpekrafta. Eggum viser til at prisveksten i 2021 vart høgare enn venta, og at folk derfor har mindre igjen å rutte med sjølv etter lønnstillegga.
Kravliste
Fellesforbundet vil krevje:
* Lønnstillegga som kronetillegg, ikkje som prosenttillegg.
* Særskilde tillegg for dei lågast lønte. Det blir vurdert nye måtar å berekne låglønnstillegg på for å sikre eit meir rettferdig oppgjer.
* Heving av lønnssatsane til overeinskomstane, som sikrar golvet i bransjane.
* Satsane for matpengar må aukast.
- Dei konkrete økonomiske krava vil bli fremma når lønnsoppgjeret startar og avheng av dei endelege tala for fjorårets lønns- og prisvekst.
Tar omsyn til konkurranseutsett sektor
Klubbar, avdelingar og bransjar som Fellesforbundet organiserer, har delteke i ein diskusjon sidan i fjor haust om kva som skal prioriterast i årets hovudoppgjer, og tilbakemeldingane er eintydige på at det er kroner og øre som gjeld.
– Vi skal forhandle fram eit oppgjer som konkurranseutsett sektor har rygg til å bere, og det skal vi gjere samtidig som kjøpekrafta skal auke.
- Folk skal få meir igjen i lommeboka. Krava som vart vedtekne i dag, kjem som eit resultat av eit breitt arbeid i heile forbundet, seier Eggum.
Utdanning og velferdspermisjon
I tillegg vil Fellesforbundet legge vekt på at det kjem ein etter- og vidareutdanningsreform, styrkt likestilling – mellom anna at arbeidsgivarar skal sørgje for tilpassa arbeidstøy, og at det blir teke initiativ til breiare ordningar for korte velferdspermisjonar.
Fellesforbundet går òg inn for eit forbundsvist oppgjer – altså frontfagoppgjer, som normalt er. Forhandlingar mellom Fellesforbundet og motparten Norsk Industri på arbeidsgivarsida er kanskje viktigare i år enn nokon gong, meiner Eggum.
– Restriksjonane og tiltaka under pandemien har skapt ein ubalanse mellom bransjar, og forskjell mellom lønnstakarar. Denne ubalansen må vi korrigere utan å tape konkurransekraft, seier forbundsleiaren.
– Derfor treng vi eit oppgjer der Fellesforbundet og Norsk Industri legg norma for lønnsdanninga i samfunnet. Det er oppgåva til frontfaget.
Publisert: 25.01.2022 13:28
Sist oppdatert: 25.01.2022 13:36