Alfred bjorlo foto privat 11
STILT SPOØRSMÅL: Stortingspolitikar og næringspolitisk talsperson for Venstre, Alfred Bjørlo, har stilt fiskeriministeren spørsmål om den omstridde saka i Stortinget. Foto: Privat
Nytt

Krever innsyn i havvind-saker

– Uakseptabelt, seier Alfred Bjørlo (V) om at regjeringa vil lukke søknadsprosessen om vindkraft til havs.

Marius Rosbach
29.09.2023

Venstres næringspolitiske talsperson, Alfred Bjørlo, reagerer på at fiskerinæringa og andre interessentar ikkje skal få innsyn i saker om tildeling av konsesjonar for vindkraft til havs.

– Dette er å bruke startskotet for norsk havvindsatsing til å skyte seg sjølv i foten. Venstre stiller seg fullt og heilt bak fiskerinæringa sitt krav om innsyn i havvind-saker - den gamle Ap-kulturen med hemmeleghald og beslutningar bak lukka dører må røskast opp i, seier Bjørlo i ei pressemelding.

Stortingspolitikaren har stilt fiskeri- og havministeren eit skriftleg spørsmål i Stortinget som Bjørnar Skjæran (Ap) no må svare på.

– Vil Fiskeri- og havministeren sørge for at fiskerinæringa og andre får innsyn på normal måte i tråd med offentleglova i saker om prekvalifisering og tildelingar av prosjektområde for vindkraft til havs, og er statsråden som øvste ansvarleg for norsk havpolitikk samd i at ei rask avklaring av at ein skal følgje vanlege demokratiske spelereglar, er svært viktig for legitimiteten i heile det vidare arbeidet med offshore vindkraft i Noreg, heiter det i spørsmålet frå Bjørlo.

Tidlegare i veka blei det kjent at Olje- og energidepartementet vil skrenke innskrenke innsynsretten i komande saker om prekvalifisering og tildelingar av prosjektområde for vindkraft til havs.

Også Fiskebåt, som er interesseorganisasjonen til havfiskeflåten, har reagert på avgjerda. Bransjen meiner innsyn i slike søknader vere viktig for å ta vare på fiskerinæringa og andre interesser i prosessen før og under tildeling av område for vindkraft.

Grunngivinga til departementet er at det er arbeidskrevjande å gå gjennom alle dokumenta, og at dei vil innehalde store mengder opplysningar som er hemmelege. Det gjer at det vil vere ressurskrevjande å vurdere eventuelle unntak for resten av dokumenta, har det blitt opplyst.

«Eit syltynt grunnlag»
Venstre meiner det er «eit syltynt grunnlag» for å innskrenke ålmenta sin innsynsrett.

– Uansett kva syn ein har på offshore vindkraft, er det i alle si interesse at dei prosessane vi no skal gjennom er opne, transparente og gir viktige andre aktørar i havområda som fiskerinæringa høve til å få innsyn og gi viktige innspel undervegs i prosessen, heiter det i uttalen frå Bjørlo.

Publisert: 29.09.2023 12:36

Sist oppdatert: 29.09.2023 12:42

Mer om