Janita Arhaug foto privat
LEIAR: Janita Arhaug har jobba med fisk sidan ho var 17 år. No er ho dagleg leiar i Sør-Norges Fiskarlag. Foto: Privat
Nytt

Førebur seg på havvind-konfliktar

Fersk fiskarlagsleiar fryktar konflikt med havvindnæringa – men håper på dialog.

27.09.2023

NPK – Bent Tandstad: – Det kan bli arealkonfliktar mellom fiskerinæringa og havvindnæringa derom havvindprosjekt blir plasserte midt i dei beste fiskefelta våre. Men det bør vere mogleg å plassere vindmøllene utanfor fiskeriområda, seier Janita Arhaug, nytilsett dagleg leiar i Sør-Norges Fiskarlag.

Janita Arhaug (53), opphavleg frå Herøy på Sunnmøre, har jobba med fisk sidan ho var 17 år. Ho var først fiskar i ti år, før ho tok utdanning og hamna i Eksportutvalet for fisk, som no har namnet Noregs sjømatråd.

Her var oppgåva hennar i fleire år å promotere norsk fisk både i Spania og mot utanlandske journalistar på presseturar i Noreg. Ho har også jobba for fleire reiarlag og selskap innan fiskerinæringa, både i Nord-Noreg og på Nordvestlandet, og ho har mange år bak seg i Fiskarlaget.

Før ho kom tilbake til Fiskarlaget 1. september i år var ho prosjektleiar for fiskeri i den marine klynga i NCE Blue Legasea.

På båt som 17-åring
– Eg var 17 år gammal og skulelei. Vi var nokre jenter som var på utkikk etter jobb då vi fekk høyre om eit skjelskraparfartøy som var på jakt etter kvinner. På denne tida var det problem med rekrutteringa i næringa, så det var ikkje vanskeleg å få jobb. Dermed hamna vi i fabrikken, altså der sjømaten blir behandla, om bord på trålaren, og eg treivst frå første dag, fortel Janita Arhaug til Nynorsk pressekontor.

Vi møter henne på kontoret til Fiskarlaget i sentrum av Ålesund. På veggane er det fotografi av fiskebåtar og fiskeriaktivitetar, både nyare og eldre. Nokre har ho teke sjølv, medan andre nok har hengt her ei stund. Frå kontorvindauget har ho utsikt til dei travle sentrumsgatene ved Hellebrua, og nede i hamna ser vi to gigantiske cruiseskip.

– Det er nok fleire cruiseskip i hamna i dag enn fiskebåtar, seier Arhaug med eit smil. Og smilet sit laust på den ferske daglege leiaren. Ho fortel at ho brenn for fiskerinæringa, og at ei av dei oppgåvene ho ser fram til å jobbe med framover er å rekruttere fleire kvinner til å organisere seg gjennom Fiskarlaget.

- Eg håper fleire av kvinnene på sjøen vil ta aktivt del i organisasjonslivet, og slik påverka farmtida si, seier ho.

Sør-Norges Fiskarlag har samla alle lokallaga til Fiskarlaget frå Møre og Romsdal og sørover. Tilsvarande er også laga frå Trøndelag og nordover samla i eitt lag, og der er Hanne Fagertun dagleg leiar. Dermed har den største og viktigaste organisasjonen i den sterkt mannsdominerte fiskerinæringa fått to kvinner i toppen.

Tek avstand frå trakassering
Det fører oss inn på spørsmålet om sakene som har versert i media om trakassering av kvinner i fiskerinæringa. Då blir ho straks strammare i maska.

– Dette er ting som ikkje skal skje, og det er veldig trist når det skjer. Og eg kan seie, med handa på hjartet, at eg i dei ti åra eg jobba som fiskar berre opplevde å bli møtt med respekt frå dei mannlege kollegaene. Og eg trur ikkje fiskerinæringa er ein versting på dette området, seier ho med ettertrykk.

Arhaug fortel at på den tida ho starta som fiskar i 1987, var det vanleg at dei som var med på feltet for første gong berre fekk halv lønn, såkalla halvlotting. Men jentene som byrja saman den hausten fekk full lønn frå dag ein.

– Når eg tenkjer tilbake så var nok ikkje dette heilt rettferdig overfor gutane, men det førte i alle fall til at vi jentene kjende oss velkomne som arbeidskraft om bord, legg ho til.

Fiskaryrket førte henne til mange stader i verda. Ho minnest at medan resten av Noreg følgde dei spennande øvingane i strålande kaldt vintervêr under OL på Lillehammer i 1994, så var ho på fiske i sommarlege forhold utanfor kysten av New Zealand.

Draumen om Spania
Då ho starta som fiskar hadde ho berre ungdomsskulen, og ho treivst så godt på jobben at ho ikkje tenkte på at ho sakna meir skulegang. Men eit møte på ein ferietur i Spania sette henne på ideen om å søkje nye utfordringar.

– I Spania møtte eg ein tidlegare fiskar som jobba for Eksportutvalet for fisk. Då tenkte eg at å selje fisk til spanjolane måtte vere draumejobben. Då heiv eg meg rundt og tok studiespesialiserande fag på Bjørknes, og så vart det studiar i eksportmarknadsføring med etterutdanning i Madrid. Så då fekk eg leve ut draumen om å jobbe i Spania, ler ho.

Fiskaryrket er framleis svært mannsdominert. Det er berre fire prosent kvinner i næringa, og Janita Arhaug lovar å arbeide for å auke rekrutteringa. Ho meiner at yrket passar til begge kjønn.

– Gutar og jenter kan gjere same jobben. Hindringane ligg først og fremst inne i hovudet, slår ho fast.

I dag er det ikkje rekrutteringsproblem til fiskeria. I Sør-Noreg er det sju vidaregåande skular som utdannar fiskarar. Fræna i Romsdal, Herøy og Ålesund på Sunnmøre, Måløy i Nordfjord, Austevoll i Hordaland, Strand i Rogaland og Kaldnes i Østfold. Det er gode læringsordningar i samarbeid med dei fiskerifaglege opplæringskontora og fiskefartøya, og fiskarlagsleiaren er trygg på at dersom ein gjer ein god jobb som lærling, så er ein sikra jobb som fiskar.

Trur på dialog
Janita Arhaug trur konfliktar kan løysast med dialog. Ho ser klart at det kan bli konfliktfylt mellom fiskerinæringa og havvindnæringa om areal til havs, men at det er fullt mogleg å unngå det ved å leggje havvindanlegga andre stader enn på dei beste fiskefelta.

– Det er viktig å snakke saman. Derfor har vi invitert to representantar frå havvindnæringa til årsmøtet vårt i midten av oktober. Eg trur det er mogleg å unngå konflikt, men vi kjem til å seie klart frå om at vi meiner havvindprosjekt vil vere til hinder for næringane våre, seier ho.

Havvind er ikkje det einaste potensielle problemområdet i åra som kjem. Fleire av dei viktigaste fiskekvotane ser ut til å gå ned, og det gjer det naudsynt å bruke meir av fisken.

– Vi må utnytte råstoffet betre. Filetane er ikkje det einaste verdifulle på fisken. I framtida kan vi oppleve at fileten er det som gir lågast pris på fisken. Det er store moglegheiter i fiskeskinnet, innmaten og i rogna. Det blir forska mykje på om desse delane av fisken kan ha medisinske eigenskapar, og fleire nyskapande selskap satsar stort på dette. Det blir stilt store krav til dokumentasjon, men eg trur det er eit stor potensial her, seier ho.

Janita Arhaug er oppteken av at alle gode krefter må jobbe saman.

– Norske fiskarar gjer ein fantastisk jobb, og fiskerinæringa har stort utviklingspotensial i åra som kjem. Det blir stadig viktigare med samarbeid på tvers av næringa, frå fartøy til marknad, og det er noko eg vil leggje vekt på, seier den nye fiskarlagsleiaren.

Publisert: 27.09.2023 08:48

Sist oppdatert: 27.09.2023 08:42

Mer om