Iselin Akslen Prosjektleder for BLI MED HIT og U37 foto Ogne
REISER TIL OSLO: Iselin Akslen i Næringsforeninga i Ålesundregionen er prosjektleiar for Bli med hit! Måndag er det jobbmesse i Oslo. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kring 60 aktørar til Bli med hit!

Stor delegasjon reiser frå Møre og Romsdal for å lokke til seg nye arbeidstakar.

Marius Rosbach
15.04.2026

Måndag reiser ein stor delegasjon frå Nordvestlandet til Oslo i håp om å lokke med seg nye arbeidstakarar heim til regionen. Då er det klart for vårens Bli med hit-arrangement i hovudstaden. 

Nett No er med på arrangementet - tips oss på e-post, eller telefon 90736774.

I alt 60 aktørar frå Møre og Romsdal stiller på arrangementet for å møte dei som kjem til  The Hub-hotellet midt i Oslo sentrum. Alle som er nysgjerrige på jobbmoglegheitene og livet i regionen er invitert. 

– No treng vi flest mogleg besøkande. Kjenner du nokon i nettverket ditt som kan vere interessert i å kome på jobbmessa, så tips dei gjerne, oppmodar prosjektleiar Iselin Akslen til Nett No. 

Før helga var det teke ut kring 200 billettar, og talet var venta å vekse betydeleg dei neste dagane fram mot arrangementet. 

Sceneinnslag og jobbmesse
Opplegget startar med lunsj før det er fleire innslag på scena frå mellom anna salsdirektør Svein Henrik Hansen i Finn og marknadsdirektør Christina Frøysa Tønseth i Strawberry.

Om ettermiddagen kan deltakarane møte folk ansikt til ansikt på ei jobbmesse med ein rekke stands. 

Dei som stiller på arrangementet er bedrifter frå heile fylket, i tillegg til næringsforeiningar, kommunar og utdanningsinstitusjonar (sjå oversikt under saka).

Samarbeid på tvers av fylke
Bli med hit! blir arrangert av Næringsforeninga i Ålesundregionen, Kristiansund og Nordmøre Næringsforening og Molde Næringsforum. 

I fleire år er det arrangert slike jobbmesser ulike plassar i landet for å rekruttere arbeidskraft og styrke omdømmet til regionen. 

Blant dei som svarte på ei spørjeundersøking under rekrutteringsarrangementet i 2023, svara 70 prosent at de ønska å flytte til Møre og Romsdal innan fem år.

Bedrifter / verksemder

Brunvoll AS

Glamox AS

Tussa Kraft

Hycast AS

Vard Group AS

Polaris Marked Nordvest AS

Elinett AS

Maintech AS

Neas AS

BDO AS avd Kristiansund

Saferoad Vik Ørsta

Sparebanken Møre

The Assessment Company

Høvding AS

Jets Vacuum AS

Christie & Opsahl AS

Tidens Krav AS

Fagskolen Møre og Romsdal

Høgskolen i Molde

Møre og Romsdal fylkeskommune

Griff Aviation AS

Okea ASA

Advokatfirmaet Sporsheim AS

Hydro Aluminium Sunndal

Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS

Hoseth Technology AS

Omya Hustadmarmor AS

Ovun AS

Yapril AS

Angvik Grytnes Entreprenør AS

Cedra Norge Rago AS

Vartdal Plastindustri AS

Stokke AS

Tell Norge AS

Ulstein Group ASA

Advansia

Tibe Molde AS

Norconsult Norge AS

 

Kommunar

Rauma kommune

Molde kommune

Ørsta kommune

Sykkylven kommune

Hareid kommune

Ålesund kommune

Kristiansund kommune

Aukra kommune

 

Næringsforeiningar / forum / nettverk

TiM Trainee i Molderegionen

Kom Trainee

Aukra Næringsforum

Nordmøre IPR

Nordre Innovasjonsforum

Ulstein Næringsforum

Vestnes Næringsforum

Sykkylven Industri- og Næringslag

Volda Næringsforum

Kristiansund og Nordmøre Næringsforening

Vanylven Utvikling AS

Sunndal Næringsselskap AS

Denne Stranda AS

Nordveggen AS

Publisert: 15.04.2026 14:13

Sist oppdatert: 20.04.2026 08:03

Mer om