Harpefossen Skisenter foto Harpefossen Skisenter
IKKJE NO: Når minusgrader er mangelvare kunne sjølv ikkje kunstsnøanlegg berge 2024/2025-sesongen for Harpefossen Skisenter. Foto: Harpefossen Skisenter
Nytt

Krise for Harpefossen

Stad kommune risikerer å måtte betale 8,8 millionar om skisenteret går konkurs.

11.06.2025

Harpefossen Skisenter like vest for Nordfjordeid gjekk ut av 2023/2024-sesongen i pluss takka vere eit tilskot på 1,5 millionar kroner frå Stad kommune. 

No har kommunen hamna i Robek-registeret og nye tilskot heng i ein tynn tråd, etter ein elendig skisesong i 2024/2025. Kommuner i Robek-registeret misser mykje av styringa over eigen økonomi og fridom til å bruke pengar slik dei vil.

Den tøffe økonomiske situasjonen gjer at kommunedirektøreren i Stad frårår formannskapet å vedta å gi Harpefossen Skisenter dei 800.000 kronene i tilskot skisenterselskapet har søkt om.

Frårådinga kjem sjølv om kommuendirektøren skriv at "ringverknadane for Stad kommune, lokal næringsliv, hyttemarknaden, skatteinntekter, lokal handel og fysisk aktivitet kan bli store om ein ikkje lykkast i å redde selskapet."

Risikerer å betale for garanti
Problemet for kommunen er at ein eventuell konkurs for skisenteret kan gjere at kommunen må betale attende 8,8 millionar kroner i utbetalte spelemidlar som et utbetalt til skisenteret, fordi kommunen har stilt som garantist for tilskota.

"Stad kommune har stilt kommunal garanti for spelemidlane til skisenteret, og ein eventuell konkurs kan medføre eit krav om tilbakebetaling av spelemidlar på om lag kr. 8,8 mill. Kommunedirektøren er i dialog med både Vestland fylkeskommunen og Kultur- og likestillingsdepartementet om dette tilbakebetalingskravet, med må om å få endelege avklaring om avskrivingstid og storleiken på eit eventuelt tilbakebetalingskrav.", heiter det i innstillinga frå kommunedirektøren til formannskapsmøtet i Stad kommune i morgon, torsdag 12. juni.

Inntektssvikt på tre millionar
Ifølgje saksdokumenta har Harpefossen søkt om tilskot etter manglande inntekter på omlag tre millionar kroner etter ein "historiske dårleg sesong". 

Harpefossen Skisenter har starta ein redningsaksjon for å berge selskapet. Hittil har selskapet fått inn tilsagan om 1,3 millionar kroner frå lokalt næringsliv, 263.750 kroner frå hytteigarane ved skianlegget og 157.400 kroner gjennom ein spleis-aksjon, går det fram av sakspapira.

Tilsaman utgjer det 1,7 millionar kroner. Dagleg leiar Vidar Haugland i Harpefossen Skisenter seier selskapet sitt anslag er at det trengst omlag 2,5 millionar kroner for å kunne gå i gang med ein ny sesong til vinteren.

Publisert: 11.06.2025 14:14

Sist oppdatert: 11.06.2025 14:15

Mer om