Aasland IKKE GJENBRUK foto npk
STORTINGET: Olje- og energiminister Terje Aasland på veg til talarstolen i Stortinget. Han gjorde måndag greie for kraftsituasjonen. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Nytt

Kriseforklaringa i Stortinget: – Hausten blir tøff

Olje- og energiministeren meiner det berre er tre tiltak som monnar for å løyse straumkrisa.

19.09.2022
(NPK-NTB-Marius Helge Larsen og Bibiana Piene): Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) førebur Noreg på ein tøff haust.

– På lang sikt er det berre tre tiltak som verkeleg monnar for å betre situasjonen i den norske kraftforsyninga – meir kraft, meir nett og meir effektiv bruk av energien vår, sa Aasland i forklaringa si for Stortinget om straumsituasjonen.

Han seier at vi «må erkjenne at denne hausten blir tøff».

– Men folk skal vere heilt trygge på at vi vil stille opp så lenge denne krisa varer, og tek grep for ei sikrare straumforsyning her og no, seier Aasland.

– Handling
Han presenterte ikkje nye konkrete tiltak for å handtere straumkrisa, men viste til mykje av det regjeringa allereie har gjort.

Straumstøtta til hushald vart trekt fram. Aasland peika også på straumstøtta til bedrifter, som vart lagt fram før helga.

– Svaret til regjeringa har heile vegen vore handling. Nye tiltak har vorte etablerte etter kvart som situasjonen har utvikla seg, sa Aasland.

I alt vil rekninga for straumstøtte til hushald og bedrifter komme på 44 milliardar kroner, ifølgje statsråden.

Pøsregnet sviktar
Etter ein sommar med rekordlåg vasstand i kraftmagasina i Sør-Noreg, meiner Aasland at oppmodinga til kraftprodusentane om å spare på vatnet har fungert. Men situasjonen er enno ikkje løyst.

– Vi er no inne i ein haustperiode der det normalt skal komme mykje vatn. Dei siste vekene har dessverre vist ei anna vêrutvikling enn vi skulle håpe på, men det kan framleis komme stort tilsig til vasskraftsystemet i Sør-Noreg før vinteren set inn. Dette veit vi meir om om nokre få veker, seier Aasland.

Han understrekar viktigheita av at kraftprodusentane held fram med å spare på vatn som kan brukast til vinteren.

Åtvara mot makspris
I forklaringa åtvara Aasland Stortinget mot å vedta makspris på straum.

– Vi løyser ingen problem med å vedta ein låg pris på straum, når problemet er at vi ikkje har nok straum, då blir problema forsterka, seier han.

Det hastar også med å gjennomføre dei tiltaka som varig forbetrar situasjonen, meiner han.

– Regjeringsmålet er klart – vi skal ha tilstrekkelege mengder med rimeleg energi, og dette skal framleis vere eit konkurransefortrinn og eit grunnlag for grøn industrivekst og lågare klimagassutslepp i Noreg.

Olje- og energiministeren varsla også at han vil leggje fram ein konkret plan for å redusere energibruken i bygg med minst 10 TWh i 2030.

– Dette vil vere eit taktskifte i arbeidet med meir energieffektive bygg, som vil gi folk lågare straumrekning og Noreg eit meir konkurransekraftig næringsliv, seier Aasland.

Hjartesukk
Statsråden avslutta forklaringa si med dette hjartesukket:

– Den politiske debatten hadde vorte betre om fleire var villige til å ta inn over seg dei vanskelege avvegingane vi står overfor. Dilemmaet til energien er, sett på spissen, at ingen vil ha vindkraft på land, ingen vil ha kraftmaster, ingen vil ha ny vasskraft og det er også skepsis til vindkraft til havs. Men alle vil ha nok og billig straum, seier Aasland.

– Det er dessverre ikkje mogleg å få både ny og rimeleg fornybar kraft i ein skala som monnar, utan at det får nokre konsekvensar for natur og andre interesser, slår han fast.

(©NPK)

Publisert: 19.09.2022 13:15

Sist oppdatert: 19.09.2022 13:20

Mer om