Nytt
Kroken på døra for Fosen
I morgon går Noryard Fosen til skifteretten og begjærer oppbod.
14.10.2015
Styremøta i Noryards Fosen og Nordyards-konsernet i dag enda på tristaste vis for dei 71 som framleis er tilsett i skipsverftet ved Trondheimsfjorden. Verftet er det største skipsverftet utanfor Nordvestlandet.
Etter at selskapet Boa Imr avbestilte eit offshoreskip til 700 millionar kroner i førre månad, hamna Nordyards Fosen i akutt pengemangel. Dei tilsette har ikke fått løn for siste månad, og no er skifteretten neste stopp.
Eit møte mellom Bjørnevik og Zjevago i går, og styremøta i Noryards i dag, enda med at Boa Imr opprettheld kanselleringa. Offshoreskipet som skulle redde sysselsettinga ved verftet, blir ikkje noko av.
- Den direkte konsekvensen av det er at vi må begjære oppbod. Det er svært trist, men slik er det, seier konsernsjef Ivar K. Hanson i Noryards.
Deretter vil konsernet vurdere kva som skal skje med det andre verftet i konsernet, på Laksevåg i Bergen. Det verftet er i dag eit reparasjons- og ombyggingsverft med rundt 100 tilsette.
Det er verftet i Trøndelag som har utgjort den største delen av Noryards-konsernet. 2014-reknskapen for konsernet viser at Nordyards Fosen hadde 508 millionar kroner i driftsinntekter, medan heile konsernet hadde 544 millionar i driftsinntekter.
Zjevago makta aldri å snu den negative utviklinga på Fosen, som har gått med store underskot dei fire siste åra.
Til saman er det snakk om eit resultat før skatt på minus 781 millionar kroner frå i åra 2011-2014, med 2012 som det aller verste året (minus 451 millionar kroner).
Etter at selskapet Boa Imr avbestilte eit offshoreskip til 700 millionar kroner i førre månad, hamna Nordyards Fosen i akutt pengemangel. Dei tilsette har ikke fått løn for siste månad, og no er skifteretten neste stopp.
Ikkje samde
Boa Imr er eit selskap som er eigd at det trønderske offshorereiarlaget Boa Offshore og eit selskap som er eigd av Noryards-eigar Konstantin Zjevago. Kontrakten med verftet vart kansellert fordi Zjevagao ikkje hadde betalt inn sin andel av eigenkapitalen i Boa Imr, sa Boa Offshore-sjef Ole T. Bjørnevik til Adresseavisen i september.Eit møte mellom Bjørnevik og Zjevago i går, og styremøta i Noryards i dag, enda med at Boa Imr opprettheld kanselleringa. Offshoreskipet som skulle redde sysselsettinga ved verftet, blir ikkje noko av.
- Den direkte konsekvensen av det er at vi må begjære oppbod. Det er svært trist, men slik er det, seier konsernsjef Ivar K. Hanson i Noryards.
Vurderer konsernet
Hanson reknar med at Noryards Fosen skal få formalitetane på plass slik at selskapet skal gå til skifteretten i morgon.Deretter vil konsernet vurdere kva som skal skje med det andre verftet i konsernet, på Laksevåg i Bergen. Det verftet er i dag eit reparasjons- og ombyggingsverft med rundt 100 tilsette.
Det er verftet i Trøndelag som har utgjort den største delen av Noryards-konsernet. 2014-reknskapen for konsernet viser at Nordyards Fosen hadde 508 millionar kroner i driftsinntekter, medan heile konsernet hadde 544 millionar i driftsinntekter.
Tapssluk
Ukrainske Konstantin Zjevagos selskap Calexco tok i fjor over heile skipsbyggingsverksemda til Bergen Group.Zjevago makta aldri å snu den negative utviklinga på Fosen, som har gått med store underskot dei fire siste åra.
Til saman er det snakk om eit resultat før skatt på minus 781 millionar kroner frå i åra 2011-2014, med 2012 som det aller verste året (minus 451 millionar kroner).
Den direkte konsekvensen av det er at vi må begjære oppbod
Publisert: 14.10.2015 16:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48