Anders Pedersen foto Ogne
MARGINAR UNDER PRESS: Fjordlaks-sjef Anders Pedersen har ikkje kunne auke prisen på klippfisk i takt med auka råstoffprisar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Krympa lønsemd for Fjordlaks

Dyrare fisk dreg resultatet ned.

12.08.2024

Fjordlaks er ein av dei største norske klippfisk- og saltfiskprodusentane, med anlegg både ved hovudkontoret i Ålesund og i Nord-Noreg.

Klippfisk blir laga av torsk, sei, lange og brosme. Torsken er det viktigaste fiskeslaget.

Fiskeprisane har gått opp, meir enn Fjordlaks har kunne auke prisane ut til sine kundar.

"Høyere råstoffpriser kombinert med noe svakere prisutvikling i klippfiskmarkedet medførte samlet sett svakere marginer for klippfisksalget." Det skriv selskapet i årsmeldinga for 2023.

Kjøpte på Volsdalsberga
Dagleg leiar Anders Pedersen og familien eig Fjordlaks gjennom selskapet Cape Invest, som også investerer i eigedom.

Tidlegare i år fekk Cape Invest tilslaget då Ålesund kommune la ei
9400 kvadratmeter store tomt på Volsdalsberga ut for sal. Prisantydninga var 56,4 millionar kroner. Cape Invest vann konkurransen med eit bod på 101,1 millionar kroner.

Tomta har Borgundfjorden mot sør, Color Line Stadion mot nord, Ålesund vidaregående skole mot vest og Fri Sikt-bustadane mot aust. Ulsmo Eiendom/Peabs Fri Sikt-prosjekt omfattar 158 leiligheiter.

Med en tilsvarande utbygging som i Fri Sikt-prosjektet kan tomta Cape Invest har kjøpt romme rundt 130 leiligheiter.

Fjordlaks as (konsern)
Tal i mill. kroner20232022
Driftsinntekt1748,21832,5
Driftsresultat86,7204,2
Resultat før skatt27,4176,4

Uavklart etterforsking
I fjor vart datterselskapet Karløybruket sikta, knytt til mistanke om brot på reknskaplova og havressurslova. Siktinga omfattar tidsromet 2018-2022.

Årsmeldinga til Fjordlaks er signert 29. april. Der skriv selskapet at: "På nåværende tidspunkt og basert på mottatt informasjon er ikke selskapet kjent med at de siktede forhold har funnet sted. I forbindelse med regnskapsavleggelsen for 2023 er det ikke gjort avsetninger eller korrigeringer knyttet opp til de siktede forholdene."

Publisert: 12.08.2024 09:18

Sist oppdatert: 12.08.2024 09:19