Ronny jørgensen politiadvokat foto politiet
ETTERFORSKAR FRAMLEIS: Politiadvokat Ronny Jørgensen i Troms politidistrikt fortel at etterforskinga etter storaksjonen i mars framleis ikkje er ferdig, og ingen er førebels tiltalt i saka. Foto: Troms Politidistrikt
Nytt

Fleire enn ti sikta for fiskejuks

Ingen er tiltalt, men ei rekke personar og føretak er sikta etter storaksjonen mot Fjordlaks-selskap.

23.08.2023

(NPK-NTB-NETT.NO): Eit tosifra tal personar og føretak er sikta etter storaksjonen mot fiskerinæringa i mars, stadfestar politiet til avisa iTromsø.

Etterforskinga er framleis ikkje ferdig – men ho skrir fram, seier politiadvokat Ronny Jørgensen i Troms politidistrikt til avisa.

Det var 21. mars i år at politiet saman med Kystvakta, Skatteetaten, Fiskeridirektoratet og Økokrim gjekk til aksjon. Dei ransaka fleire skip, fiskemottak og kontorlokale, mellom anna på Vannøya i Troms.

Karlsøybruket som er eit dotterselskap til Fjordlaks i Ålesund var mellom plassane som blei oppsøkt i samband med storaksjonen. Samtidig vart det gjort beslag i dokument i Ålesund.

Meiner det er juksa med sluttsetlane
Jørgensen stadfestar at det er snakk om eit tosifra tal personar og føretak som er sikta og kallar det eit større tal. Han ønskjer ikkje å oppgi det nøyaktige talet.

– Ein fellesnemnar er at det ikkje er samsvar mellom kva som er levert av fangst, og kva som er ført opp på sluttsetlane. Det betyr at ein har levert meir fisk enn ein har rapportert inn til det offentlege, og som blir trekt av kvoten, seier politiadvokaten.

Tre personar vart etter aksjonen i mars arrestert og sikta for brot på fiskerilovgivinga og rekneskapsregelbrot.

Ikkje kjent med forholda
Fjordlaks-eigar Anders Pedersen blei sjølv teke inn av politiet, men omtala «Hele den krigsliknende aksjonen oppleves som absurd».

Den store fiskeriaksjonen mot Karlsøybruket var óg tema i årsmeldinga til Ålesund-selskapet. Styret viste til at dotterselskapet er sikta for brot på rekneskapsreglane og havressurslova i samband med storaksjonen mot fleire fiskeriaktørar i mars.

«På nåværende tidspunkt og basert på mottatt informasjon, er ikke selskapet kjent med at de siktede forhold har funnet sted», heitte det i årsmeldinga.

Publisert: 23.08.2023 18:21

Sist oppdatert: 23.08.2023 18:34

Mer om