HAV kollasj 1 v børnotering Hav Group foto Oslo Børs
BØRSOPPTUR: Avtalen med Green Reefers er den andre større flåteavtalen Norwegian Greentech offentleggjer.
Nytt

Kurshopp på flåteavtale

Norwegian Greentech skal levere ballastrenseanlegg til Green Reefers sine 19 skip.

25.03.2021

Norwegian Greentech er eit datterselskap i Hav Group, som blei skilt ut av Havyard Group og børsnotert tidlegare i år.

Miljøsertifikatkrav gjer at Green Reefers må installere anlegg for rensing av ballastvatn innan 2024, og reiarlaget har vald Norwegian Greentech sine anlegg.

Opp på børsen
Rett før Hav Group sende ut børsmelding om avtalen klokka 11:34 i dag vart Hav Group-aksjen handla til 12,72 kroner per aksje. Klokka 11:35 vart den handla til 13,90 kroner per aksje.

Klokka 11:50 nådde kursen 14,50. 12:28 er kursen 13,75, som verdset selskapet til 487 millionar kroner.

Ved børsnotering 4. mars i år var kursen 15,40 kroner per aksje.

Wilson-avtale
Eit ballastrenseanlegg kostar mellom 0,6 og 1,5 millionar kroner, seier Børge Gjelseth, sals- og marknadsdirektør i Norwegian Greentech.

I november i fjor offentleggjorde selskapet sin hittil største avtale, om å installere renseanlegg i reiarlaget Wilson sin 120 skip.

Publisert: 25.03.2021 12:09

Sist oppdatert: 25.03.2021 12:36

Mer om