Emilie Stordalen strawberry foto marius
ÅLESUND: Prosjektleiar Emilie Stordalen i hotellkjeda Strawberry fortalde om deira erfaringar med yngre arbeidstakarar under NHO Møre og romsdal sin årskonferanse i Ålesund denne veka. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Dei er annleis enn vi er vande med

Tre ting Emilie Stordalen meiner arbeidsgivarar bør vite om generasjon Z.

Marius Rosbach
08.02.2025

Debatten kring unge arbeidstakarar sine haldningar har blussa opp dei siste vekene. 

Bakgrunnen er mellom anna ein NHO-rapport som viste at svært mange arbeidstakarane meiner den sokalla generasjon Z er meir krevjande å leie, at dei har høgare forventingar og har lågare arbeidsmoral, enn tidlegare generasjonar.

Under NHO Møre og Romsdal sin årskonferanse i Ålesund denne veka kom prosjektleiar Emilie Stordalen i hotellkjeda Strawberry med sine tips og råd. 

– Er det ein krevjande generasjon, eller må vi berre forstå dei betre, spurte Stordalen innleiingsvis. 

Sjølv er ho fødd i 1992, og er difor hakket for gamal til å bli rekna med i generasjon Z – eit omgrep som blir nytta om dei som er fødde litt utpå 1990-talet fram til kring 2010. 

Påverka av større trendar
Stordalen understreka at det kan vere farleg å generalisere og dra alle over ein kam. Likevel meiner ho det er nokre trendar som har påverka dei unge – og som arbeidsgivarar bør merke seg.

– Sett litt på spissen, så ønsker dei seg høg lønn, feit tittel og tilrettelegging for heimekontor frå starten av, sa ho.

Ho minna om at generasjonen som no er på full fart inn i arbeidslivet, er ei gruppe unge som har vekse opp med pandemi, sosiale media og klimakrise. 

Eit anna kjenneteikn er at dei er den generasjonen som har minst arbeidserfaring samanlikna med alle tidlegare generasjonar på same tidspunkt. 

Om dei ikkje trivast i jobben så er dei ikkje redd for å bytte både stilling og arbeidsplass
Emilie Stordalen

– Det er desse vi skal tilsette
Uansett kva ein måtte meiner, vil arbeidsgivarar vere nøyd til å finne ut korleis dei best kan behandle dei. Stordalen påpeika at denne gruppa vil utgjere kring 30 prosent av den totale arbeidsstokken i 2030. 

– Det er desse vi skal tilsette framover, og om vi likar det eller ei, så vil dei sette sitt preg på alle bedrifter her til lands, sa ho. 

Stordalen drog fram tre trendar mellom dei unge ho meiner er verdt å merke seg: 

  • Dei er fødd digitale
  • Dei er verdiorienterte
  • Eit godt arbeidsmiljø er heilt avgjerande

Det siste først. 

Ønske om både meiningsfulle arbeidsoppgåver, ivaretaking av mental helse, moglegheiter til personleg utvikling, fleksibilitet – og sjefar som er opne og personlege – er ikkje uvanlege krav frå den yngre generasjonen.

– Om dei ikkje trivast i jobben så er dei ikkje redd for å bytte både stilling og arbeidsplass ganske ofte, sa Stordalen. 

Emilie Stordalen konferanse strawberry foto marius
MEIR DIGITALE: Generasjon Z nyttar digitale hjelpemiddel i langt større grad enn sine eldre kollegaer. Det bør arbeidsgivarar legge til rette for, meiner Emilie Stordalen. Foto: Marius Rosbach

– Trur eigentleg ikkje at dei er meir krevjande
Ho forstår at mange arbeidsgivarar kan oppleve dei unge som utfordrande. 

– Men eg trur eigentleg ikkje at dei er meir krevjande – men at dei er annleis enn vi er vande med. 

Strawberry-kjeda har rekna ut at det kostar bedrifta ein plass mellom 100- og 200.000 kroner å erstatte ein tilsett som sluttar. Med andre ord er det store summar å spare på å behalde alle tilsette ein allereie har.

Oppmoda om å legge til rette
Stordalen fortalde óg kva hotellkjeda har erfart har fungert for dei. Mellom anna har dei samla all informasjonen i selskapet i ein app. 

– Det høyrest kanskje banalt ut, men veldig mange i den yngre generasjonen synest dette er ein veldig effektiv måte å få informasjon på, sa ho. 

Å legge til rette og være nysgjerrige på bruk av nye digitale verktøy, var eit anna råd. 

Mange unge vil til eksempel enkelt lage fiks ferdige planar for nye produkt ved hjelp av kunstig intelligens. Og det skjer gjerne på ein brøkdel av tida, som den eldre garde er vande med. 

– Det er kanskje ikkje ein perfekt plan, men det er ganske effektivt, la ho til. 

Rår til å ta tydelege standpunkt
I tillegg til at generasjon Z sett andre krav til digitale hjelpemiddel i jobben, har mange unge ei sterk bevisstheit om sosial rettferd, likestilling og inkludering. 

– Dei ventar at vi som arbeidsgivarar tek eit standpunkt i slike spørsmål. Og dei er den første generasjonen som faktisk bryr seg om klimaet, la Stordalen til. 

Ho viste til at sjølv om mange svarar at klima er viktig for dei, viser undersøkingar til eksempel at det kjem heilt nede på 15. plass når folk skal avgjere kva for hotell dei vil bu på. 

Strawberry har vore tydelege på kvar dei står i diskusjonar kring mangfald og inkludering. Sjølv om Stordalen ikkje meiner alle bør bli som dei, rår ho arbeidsgivarar til å møte dei unge ved å ta tydelege standpunkt.

– Dei sett pris på at ein arbeidsgivar står for noko og dei vil jobbe for nokon som tek ansvar i lokalmiljøet deira, sa ho. 

Fleire spør om bedriftspsykolog
Stordalen meiner små grep i arbeidsmiljøet kan vere verktøy til å lukkast. Det kan vere å ta seg tid til å spørje litt oftare ein-til-ein korleis folk har det. 

Eit anna grep hotellkjeda nyttar, er meir hyppige medarbeidarsamtalar. 

– Vi har også leiarar som ønsker bedriftspsykolog for denne generasjonen. For dei unge setter terskelen lågare enn tidlegare generasjonar for kva dei definerer som stress og press på jobb, sa ho. 

Bakteppe for NHO-konferansen var at rekruttering held fram å vere ei kjempeutfordring for mange bedrifter. Samtidig som regionen vil få ei aldrande befolkning framover, hamnar fleire enn før utanfor arbeid og utdanning. 

Det gjer at kampen om dei unge arbeidstakarane truleg berre blir tøffare.

– Eg trur alle bedrifter vil kome i kamp om talenta, og vinnarane er dei som er dei som er nysgjerrig på dei unge og tek dei på alvor, sa Stordalen.

Publisert: 08.02.2025 05:00

Sist oppdatert: 07.02.2025 21:12

Mer om