Kvardagen for smaabedriftene maa bli enklare
NHO: Karl-Inge Rekdal kjempar for ein lettare kvardag for dei små- og mellomstore bedriftene, og er uroleg for at det offentlege veks raskare enn bedriftene.
Nytt

- Kvardagen for småbedriftene må bli enklare

Han har levert ti nye krav til næringsminister Iselin Nybø, og meiner skjemaveldet og det offentlege byråkratiet hemmar vekst og utvikling.

07.03.2020
- Vi ser at det offentlege veks samtidig som vi veit at det trengst å skapast mange fleire arbeidsplassar i næringslivet.
- Over tid går ikkje dette reknestykket i hop om vi vil oppretthalde velferdsstaten slik vi kjenner det i dag.
Det seier adm. dir. Karl-Inge Rekdal ved Sykkylven Stål. Ålesundaren leier NHOs SMB-forum for dei små og mellomstore bedriftene.

Fornye, forenkle og forkaste

Sjølv om forumet har fått fleire gjennomslag, har gruppa no overlevert ei liste med ti krav til næringsminister Iselin Nybø.
- Eg opplevde at næringsministeren var positiv til vår liste. Faktisk ser det ut til å vere brei tverrpolitisk semje om at kvardagen til småbedriftene må bli enklare, men det gjenstår å setje mange av tiltaka ut i livet.
To av krava går på forenkling, der det eine dreier seg om å fornye, forenkle eller rett og slett forkaste lover og reglar, samt å etablere ein kanal der bedriftene kan melde frå om offentlege reglar som bør forenklast.

Fekk SSB-mulkt

Rekdal seier at i dei små og mellomstore bedriftene er det som regel dagleg leiar som gjer dette, innimellom alt anna arbeid.
- Eg har til og med fått mulkt med Statistisk Sentralbyrå for ikkje å ha levert nokre tal i tide. Dette var midt i sommarferien, seier Rekdal.
Han synst også kommunane må verte smidigare, og sjå på kva som tener næringslivet – og dermed innbyggjarane i kommunane i neste omgang.
- 99 prosent av bedriftene er små og mellomstore bedrifter. Det er desse bedriftene som avgjer om det bur folk rundtom i heile landet. Då skulle det også berre mangle at kommunane stilte opp ved å gjere kvardagen vår lettare.

- Alle kan ikkje verte professorar

SMB-forumet meiner at det blant anna bør stillast krav til at kommunane tar i bruk utvikla standardiserte digitale behandlingssystem.
- Målet er å kutte ned saksbehandlingstida, seier Rekdal.
SMB-forum meiner også at yrkesopplæringsnemndene må sikrast ei avgjerande rolle i dimensjoneringa av utdanningstilbodet i fylkeskommunane.
- Alle kan ikkje utdanne seg til å ta mastergrad eller å verte professorar. Det vil framover vere stort behov for alle typer arbeidskraft, og vi er oppattt av at det vert betre lagt til rette for etter- og vidareutdanning, som må vere fleksibel og nettbasert.
- På denne måten kan opplæringa kombinerast med arbeid, slik at den enkelte slepp å slutte eller ta permisjon, seier Rekdal.

Vil ha lik konkurranse

Han er også opptatt av mindre bedrifter skal få betre marknadstilgang til den offentlege marknaden gjennom ei enkel kunngjeringsplikt på Doffin.
- Der det offentlege opptrer i konkurranse med bedriftene må konkurransen vere i like vilkår, seier Rekdal, og viser til at Sykkylven Stål har opplevd om å konkurrere med offentlege fengsel om sal av skulepultar, stolar og anna utstyr.
- Vi ønsker ingen særfordelar, men vi ønsker at konkurransen skal vere under like vilkår.
SMB-forum meimer også at virkemiddelapparatet må innrettast slik at det treff dei små og mellomstore bedriftene betre.
- I dag er det så pass innvikla at mange må leige inn ein konsulent for å hjelpe til med søknader. Det er dyrt, og burde vere unødvendig, seier Rekdal.

- Skadeleg formuesskatt

På kravlista står også fjerning av formuesskatten på arbeidande kapital.
- Mange trur at mange bedriftseigarar har flust med pengar og badar seg i luksus. Sanninga er at dei flest er hardt arbeidande med moderat inntekt, og som står opp tidleg om morgonen og legg seg seint om kvelden for å få bedriftene til å gå rundt.
- Vi vil at alle skal betale skatt av overskotet, men å ha eit system der private eigarar må ta ut utbyte for å betale skatt sjølv når bedriftene går i minus, er skadeleg for bedriftene og ikkje berekraftig for samfunnet.
Eg har til og med fått mulkt med Statistisk Sentralbyrå for ikkje å ha levert nokre tal i tide. Dette var midt i sommarferien

Publisert: 07.03.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53