Kveen sel Fjord Helikopter
SELD: Fjord Helikopter i Stryn er blitt ein del av Fonnafly Gruppa.
Nytt

Kveen sel Fjord Helikopter

Kveen-konsernet i Stryn sel Fjord Helikopter til Fonnafly. Satsar meir på anlegg.

23.05.2016
Fjord Helikopter vart skipa i 2001, med Kveen-konsernet som eigar. Jon G. Kveen Øvre-Flo og Lars Helge Øvreflo Kveen eig 50 prosent kvar i Kveen-konsernet. Konsernet driv anleggsverksemd, bilverkstad, er snøscooter- og ATV-forhandlar og var fram til 20. mai også eigar av Fjord Helikopter.
No er helikopterselskapet i Stryn blitt ein del av Fonnafly Gruppa, der dotterselskapet Fonnafly - med 78 millionar kroner i driftsinntekter i fjor - har vore ein av Fjord Helikopter sine konkurrentar.

Hemmeleg pris

Jon G Kveen Øvre-Flo i Kveen-konsernet vil ikkje kommentere kva Fonnafly Gruppa betalar for Fjord Helikopter, men seier pengane frå salet vil styrkje konsernet si satsing på resten av verksemda, og spesielt anleggsverksemda.
Konsernet hadde 95 millionar kroner i driftsinntekter i 2014.
Kveen Øvre-Flo seier selskapet vore i samtalar med fleire aktørar før salet til Fonnafly Gruppa, men har forhandla med Fonnafly sidan årsskiftet.
Målet har vore at Fjord Helikopter skulle bli ein del av eit større selskap.
- Skulle Fjord Helikopter utvikle seg vidare trong ein tilgang til ein som har meir materiell og personell, seier Kveen Øvre-Flo.
Fjord Helikopter har vore i sterk vekst, og fekk eit ekstra løft då selskapet fekk ei stor kontrakt om kraftlinebygging med Statnett i mars i fjor. Driftsinntektene auka frå åtte til 18,5 millionar kroner i 2015.

Base i Stryn

For Fonnafly er kjøpet ei utviding av marknaden til Nordvestlandet, og selskapet vil halde fram med å flyge frå basen i Stryn.
Basen er eigd av Kveen-konsernet og blir utleigd til Fjord Helikopter/Fonnafly, seier Kveen Øvre-Flo.
Dagleg leiar Sverre Underbakke i Fonnafly blir også ny dagleg leiar i Fjord Helikopter.

Publisert: 23.05.2016 08:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57