VARD bygg nr 911 skrog Feb 2022 DJI 0821 foto Vard
UNDER SLEP: Skroget til kystvaktskip nummer to er no under slep frå Romania til Vard Langsten i Tomrefjor. Foto: Vard
Nytt

Kystvaktskrog nummer to på veg

Kjem til Vard Langsten i mars.

18.02.2022

Sidan september 2021 har Vard Langsten i Tomrefjord arbeidd med å utruste det første av i alt tre kystvaktskip Vard byggjer for Forsvaret.

No er skroget til kystvaktskip nummer to under slep frå Vard sitt skrogverft i Tulcea i Romania. Slepet er venta å ta omlag ein månad, ifølgje Forsvaret.

Det første kystvaktskipet skal overleverast til Forsvaret i år, skroget som no er under slep skal vere klart til overlevering neste år. Det tredje kystvaktfartøyet skal vere ferdig i 2024.

Milliardoppdrag
Kontrakten om bygging av tre nye skip i Jan Mayen-klassen hadde ein verdi på rundt 5,4 milliardar kroner då avtalen blei offentleggjort.

– Vi vil ha mellom 400 og 500 arbeidarar på dette prosjektet fram til det nærmar seg leveringsfase. Det vil vere tilsvarande for dei to neste skipa, sa prosjektleiar Roar Gjerde i Vard så skroget til det første kystvaktskipet kom til Vard Langsten i fjor.

Publisert: 18.02.2022 09:21

Sist oppdatert: 18.02.2022 09:36