NPK-NTB: 7 av 10 nordmenn gir opp at dei jobbar på ein annan måte enn før, viser ei ny undersøking blant norske arbeidstakarar etter at koronaviruset kom.
Medan knapt ein tredel – 31 prosent – har fått mindre å gjere, gir 36 prosent opp at dei har fått meir å gjere enn før.
– Det er flest blant dei med høg utdanning og høg inntekt som gir opp at dei har fått meir å gjere, seier forskar Mari Holm Ingelsrud ved Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) ved Oslomet.
– I den motsette enden av skalaen, blant folk med lågare utdanning og inntekt, finn vi dei som har fått mindre å gjere.
Ein av seks arbeidarar gir opp at dei anten har vorte permitterte, mista inntekt, eller at dei har opplevd begge delar. Dette rammar oftare folk som ikkje har høg utdanning, og oftare folk med ei inntekt som ligg lågare enn medieaninntekten.
– Undersøkinga speglar av forskjellar som er vanlege i arbeidslivet, men som blir gjort tydeleg no, seier Ingelsrud.
Det er arbeidstakarar mellom 30 og 44 som oftast blir permitterte, mange med forsørgjaransvar.
– Det heng nok saman med at mange av dei jobbar i utsette bransjar med mange verksemder som har måtta stengje, seier Ingelsrud, og nemner restaurantbransjen og turisme som døme.
36 prosent svarar at dei er pålagt å jobbe heimanfrå. Aller flest er det blant dei med høg utdanning og høg inntekt. Heile 73 av denne gruppa gir opp at dei er pålagt å jobbe heimanfrå.
– Desse har jo gjerne jobbar som eignar seg for å utførast heime, og dei har arbeidsgivarar som kan påleggje dei heimekontor, seier Ingelsrud.
I denne episoden kan du høyre regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal og direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal snakke om korleis bedriftene blir treft av koronakrisa - og kva som blir gjort for å hjelpe dei.
Medan knapt ein tredel – 31 prosent – har fått mindre å gjere, gir 36 prosent opp at dei har fått meir å gjere enn før.
– Det er flest blant dei med høg utdanning og høg inntekt som gir opp at dei har fått meir å gjere, seier forskar Mari Holm Ingelsrud ved Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) ved Oslomet.
– I den motsette enden av skalaen, blant folk med lågare utdanning og inntekt, finn vi dei som har fått mindre å gjere.
Forskjellane blir tydelegare
Det er AFI som står bak undersøkinga som slår fast at koronakrisa har hatt ein negativ effekt både på økonomien og jobbsituasjonen til svært mange arbeidstakarar.Ein av seks arbeidarar gir opp at dei anten har vorte permitterte, mista inntekt, eller at dei har opplevd begge delar. Dette rammar oftare folk som ikkje har høg utdanning, og oftare folk med ei inntekt som ligg lågare enn medieaninntekten.
– Undersøkinga speglar av forskjellar som er vanlege i arbeidslivet, men som blir gjort tydeleg no, seier Ingelsrud.
Forsørgjarane blir permitterte
11 prosent av dei som har svart på undersøkinga, gir opp at dei har vorte permitterte, medan 10 prosent har gått ned i inntekt. 16 prosent har fått redusert arbeidstid.Det er arbeidstakarar mellom 30 og 44 som oftast blir permitterte, mange med forsørgjaransvar.
– Det heng nok saman med at mange av dei jobbar i utsette bransjar med mange verksemder som har måtta stengje, seier Ingelsrud, og nemner restaurantbransjen og turisme som døme.
Heimekontor for dei ressurssterke
Smittevernreglane har pålagt oss å jobbe annleis, men påstanden om at «alle» sit på heimekontor, er ei sanning med sterke modifikasjonar, viser svara i undersøkinga frå Oslomet.36 prosent svarar at dei er pålagt å jobbe heimanfrå. Aller flest er det blant dei med høg utdanning og høg inntekt. Heile 73 av denne gruppa gir opp at dei er pålagt å jobbe heimanfrå.
– Desse har jo gjerne jobbar som eignar seg for å utførast heime, og dei har arbeidsgivarar som kan påleggje dei heimekontor, seier Ingelsrud.
I denne episoden kan du høyre regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal og direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal snakke om korleis bedriftene blir treft av koronakrisa - og kva som blir gjort for å hjelpe dei.
Publisert: 08.04.2020 08:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55