MMC montasje Kristian Framstad foto MMC
SVEKKA LØNNSEMD: Finansdirektør Kristian Framstad i MMC First Process vil gjerne ha betre resultat enn i 2023, men er nøgd med å halde omsetninga oppe. Foto: MMC First Process
Nytt

Lønnsemda er blitt kraftig svekka

MMC First Process trur ting er i ferd med å losne etter kraftig brems i marknaden.

Marius Rosbach
05.07.2024

Rekneskapen til MMC First Process i fjor viser at omsetninga held seg like under milliarden, men at overskotet blei kraftig barbert samanlikna med dei siste åra.

Driftsinntektene fekk ei lita auke og enda på 966 millionar kroner. Resultatet før skatt blei knappe 16 millionar – ein nedgang frå 52 millionar året før – som var det nest største overskotet nokon gong for bedrifta.

– Vi kunne ønska oss ein betre resultatmargin og har høgare ambisjonar enn dette resultatet viser, seier finansdirektør Kristian Framstad i MMC First Process til Nett No.

Samtidig er han nøgd med at dei klarte å halde omsetninga oppe gjennom fjoråret.

MMC First Process
Tal i mill. kroner
2023
2022
Driftsinntekt
966,3
954,6
Driftsresultat
25,9
51
Resultat før skatt
15,6
53

Trur det losnar etter ordretørke
MMC First Process levere utstyr til å handtere fisk mellom anna innan oppdrett og brønnbåtar. Etter at regjeringa la fram forslaget til grunnrenteskatt på oppdrett hausten 2022, har det vore ordretørke i desse marknadene.

Samtidig har regjeringa stoppa behandlinga av nye konsesjonar til landbasert oppdrett, og skapt uro kring skattlegginga av reiarlaga. Usikkerheita har ført til at investeringar er stoppa, eller utsett.

Førre veke kunne Intership/Aquaship melde om den første nye bestillinga av ein brønnbåt sidan lakseskatten kom på bordet.

Framstad stadfestar at ting er i ferd med å losne.

– Vi håpar at vi får nokre signeringar snart, og trur at det kjem til å losne meir framover, seier han.

Har blitt fleire tilsette
Trass i nedgangen i ordrebøkene har talet på tilsette vekse i løpet av fjoråret. I 2023 hadde dei 220 årsverk i arbeid – drygt ti fleire enn året før. Bedrifta har store avdelingar på Digernes i Ålesund og Eggesbønes i Herøy der dei fleste jobbar.

– Vi har prioritert og halde på kompetansen og investere for det vi meiner kjem i framtida, seier Framstad.

Selskapet har klart å unngå oppseiingar som følgje av lågare aktivitet. Samtidig har det vore naturleg avgang i nokre stillingar, som ikkje er blitt erstatta.

Solid eigenkapital
Den økonomiske posisjonen til MMC First Process er framleis svært solid. Ved utløpet av 2023 var det bokført kring 100 millionar i eigenkapital og 84 millionar i langsiktig gjeld i selskapet.

Finansdirektøren påpeiker også at dei er grunnleggande optimistar, trass utfordringane dei no er oppe i.

– Vi ventar ein nedgang på topplinja i år samanlikna med dei siste åra, men om vi ser fram i tid trur vi det er ein veldig god marknad for sunt og berekraftig protein i verda, seier Framstad.

Rekneskapen til morselskapet Mmcfp Holding As er ikkje offentleg enno.

Publisert: 05.07.2024 14:44

Sist oppdatert: 05.07.2024 22:10

Mer om