Mjolstadneset montasje terje teige Birgitte Grungstad Kvalsvik Rita Saevik foto Marius Rosbach 11
FLEIRE BYGG: Terje Teige (t.h.) i Teigenes-reiarlaget som har planar om å bygge for eige bruk og utleige på Mjølstadneset. Nokre steinkast bortanfor driv Rita Sævik (t.h.) galleri og fiskebåtreiarlag i Horisont-bygget, saman med mellom anna Birgitte Grungstad Kvalsvik. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kraftig vekst på Mjølstadneset

Meir enn 220 nye arbeidsplassar siste åra – og fleire nyetableringar på veg.

Marius Rosbach
19.05.2024

Når bedrifter på Mjølstadneset i Herøy samlar seg komande onsdag, vil det vere fleire enn 30 bedrifter til stades som representerer fleire enn 720 arbeidsplassar.

– Det er ei fantastisk utvikling, og vi gler oss til å presentere alt det spennande som skjer her, fortel Rita Sævik til Nett No.

Rita Saevik Per seavik foto Marius 11
PRIMUS MOTORAR: Per Sævik i Havila og Ervik & Sævik-reiar Rita Sævik, er primus motorar for det som har vorte ei årleg samling i det som no blir kalla Fosnavåg Næringspark. På samlinga vil mellom anna alle bedriftene presentere kva dei driv med. Foto: Marius Rosbach

Saman med Per Sævik i Havila, er Ervik & Sævik-reiaren primus motor for det som har vorte ei årleg samling i det som no blir kalla Fosnavåg Næringspark.

– Han Per, som er eldste av oss alle, er også den mest visjonære. For nokre år sidan sette vi oss ei felles målsetting om å skape 500 nye arbeidsplassar i løpet av fem år, seier Rita Sævik.

Det var i 2021, då aktørane i området telte kring 500 arbeidsplassar. Ifølgje den ferske oppteljinga har det kome til meir enn 220 nye arbeidsplassar her sidan då.

Rita Saevik oversikt utsikt Mjolstadneset foto Marius Rosbach 11
HAR TELT ARBEIDSPLASSAR: Rita Sævik som leiar fiskebåtreiarlaget Ervik & Sævik, er mellom dei som har jobba for meir vekst på Mjølstadneset dei siste åra. Siste opptelling viser at det er 723 arbeidsplasser på området. Foto: Marius Rosbach

Teigenes-reiarlaget bygger kai
Fiskebåtreiarlaget Teigenes er mellom dei siste som er i ferd med å etablere seg på Mjølstadneset.

I desse dagar er fundamentet til ei 82 meter lang kai i ferd med å ta form. Den skal stå klar til hausten.

Dagleg leiar av reiarlaget, Terje Teige, fortel at kaia vil vere tilgjengeleg for utleige og som ventekai, i tillegg til at ringnotbåten Teigenes vil ligge her.

Seinare har dei planar om å sette opp eit bygg på kring 30 gonger 30 meter med kontor og lager.

Terje Teige Mjolstadneset foto Marius Rosbach 11
NY KAI OG BYGG: Dagleg leiar Terje Teige i Teigenes-reiarlaget med det som blir enden av den 82 meter lange kaia bakom seg. I bakgrunnen ligg det blå bygget til Egersund Herøy.

– Har stor tru på dette området
– Vi har stor tru på dette området. Det har skjedd utruleg mykje dei siste åra, og eg trur det berre vil utvikle seg til å bli betre, seier Teige til Nett No.

I tillegg til å vere dagleg leiar av reiarlaget, er han på sjøen med Teigenes.

– Fiskeri er det primære vi skal drive med, men vi har alltid hatt lyst til å ha ein eigen base. Då moglegheita dukka opp for at vi kunne etablere oss her, så var det ikkje noko tvil om at vi ville gjere det, legg han til.

Kings Bay byggeplass Mjolstadneset foto Marius Rosbach 11
KINGSBAY BYGGER OGSÅ: I den andre enden av Mjølstadneset for der Teigenes bygger kai, er Kings Bay-reiarlaget i full gong med byggearbeida for sin nye basestasjon. Foto: Marius Rosbach

Rekordomsetning på fiskeri i fjor
Teigenes-reiarlaget skal etablere seg på ei tomt på kring 5000 kvadratmeter i austenden av området. I dag har dei kaiplass ved Smevik i Tjørvåg, og leiger kontor i Fosnavåg sentrum.

– Vi treng noko plass i det nye bygget sjølv til kontor og slikt, men tanken er at vi skal drive med utleige og få fleire folk hit. Vi vil vere med å etablere ei maritim klynge her, seier Teige.

Teigenes-reiarlaget har 17 sjøfolk i arbeid og hadde for første gong fangstinntekter på over 100 millionar kroner i fjor.

Meir usikkerheit framover
Med andre ord er det betydelege ringverknader av verksemda, sjølv om dei ikkje er mellom dei største reiarlaga i kommunen.

– Vi hadde rundt 180-190 driftsdagar i fjor, og det var eit godt år. Vi gjorde samtidig ei stor ombygging på Båtbygg, og har lagt om til hekkpumping, for å gjere båten meir fleksibel og effektiv, seier Terje Teige.

Lønnsemda har samtidig vorte meir utfordrande, med auka kostnader til drivstoff, og usikkerheit kring kva avgifter som kjem framover.

Reiarlaget driv pelagisk fiske, som også har møtt særskilte utfordringar med tilgang på råstoff i kjølvatnet av Brexit.

Havilabygget NB kvadrat foto Marius Rosbach 11
HAVILABYGGET: «Diamanten» blir bygget kalla og ein kan forstå kvifor. Her held både Havila-konsernet og ein rekke andre bedrifter til. Foto: Marius Rosbach

Fleire har utvida og nye har kome til
Det har vore ei rivande utvikling i området der Havila-konsernet for 15 år sidan opna hovudkontoret i det som blir omtala som «Diamanten».

Den gong var allereie MMC First Process, Astorplast og Egersund Herøy på plass – alle bedrifter som har bygd ut lokala sine dei siste åra.

Tussa nytt bygg snorklipping foto marius 11
NYTT BYGG: Tussa Ikt flytta i fjor inn i nytt bygg på Mjølstadneset i Herøy. Her frå «røyrklipping» med ordførar og kakefest. Foto: Marius Rosbach

Etterpå har mellom anna det store Horisont-bygget til Ervik & Sævik kome opp. Og i fjor tok Tussa IKT i bruk sitt nybygg i nordenden av området.

Fosnot er mellom fleire aktørar som har bestemt seg for å flytte hit og på vestsida mot Eggesbønes vil snart den nye basestasjonen til Kings Bay-reiarlaget reise seg.

Nytt lokale for klatreklubben
I eit lokale i den andre enden av området, er det også hektisk aktivitet. Her skal Herøy Klatreklubb flytte inn eit lokale på kring 90 kvadratmeter med klatreveggar frå golv til tak.

Rita Sævik har allereie vore i kontakt for å høyre korleis det kan bli med bedriftsavtaler for klatring, fortel dagleg leiar Mats Knotten til Nett No.

– Vi satsar på at klubben skal få fleire brukarar når vi opnar dørene til hausten, seier han.

Mats Knotten Heroy Klatreklubb Mjolstadneset foto Marius Rosbach 11
NYTT LOKALE: Herøy Klatreklubb opnar nytt lokale på Mjølstadneset til hausten. Mats Knotten fortel at dei mellom anna jobbar med bedriftsavtaler. Foto: Marius Rosbach

Rita Sævik fortel at det merkast godt at miljøet i næringsområdet er blitt meir variert, og fortel at fleire bedrifter også nyttar bygget deira på ulike vis.

– Møteromma våre er mykje booka av selskap frå nabolaget, og dei har også samlingar i serveringslokale og kjem på våre arrangement, fortel ho.

– Vi har også fått eit mykje sterkare samhald når vi møtes nokre gongar i året, legg Sævik til.

Publisert: 19.05.2024 05:00

Sist oppdatert: 20.05.2024 12:16

Mer om