Hotellet kombinerer turistar om sommaren med yrkestrafikk resten av året, mellom anna langtidsutleige til folk frå utlandet som arbeider i bedriftene i nærleiken.
I dei fem åra selskapet Sunde Fjord Hotel har drive selskapet har det gått med overskot kvart år. Frå 2011 og framover har resultatmarginen (resultat før skatt i prosent av driftsinntekter) aldri vore under 20 prosent, og i fjor enda den opp like under 40 prosent.
Frå 2011 og fram til og med 2014 har resultatmarginen for Aursnes Hotell variert mellom 14,5 og 31,5. I 2014 enda den på 19,6 prosent.
Aursnes Hotell er eigd av Karl Johan Sunde Aursnes, som også er eigar og dagleg leiar av Aursnes Kiosk, som ligg på ferjeleiet.
Driftsinntekene gjekk opp og underskotet blei redusert (sjå tabell). Men hotellet gjekk likevel i minus og kjem sannsynlegvis til å gjere det også i år. Tap vintersesongen i starten av 2015 er grunnen, i følgje hotelldirektør Finn Thore Johansen.
- Det er veldig bra omsetning, emm vi har tapt mykje pengar i vinter, seier Johansen.
Hotelllet driv tre serveringstadar i skiløypene på Strandafjellet, og vil i komande sesong legge om reknskapsføringa for å få betre oversikt over inntekter og kostandar i dei uleke delane av selskapet.
Haddal Røssevold døypte hotellet til Melshorn Hotell, dobla driftsinntektene og dreiv om lag i balanse i fjor (sjå tabell).
Avgjerda om å gå i gang på eiga hand angrar ho ikkje på, og seier responsen frå næringslivet og folk i kommune har vore svært positiv. Men etterspørselen etter overnatting i Hareid er sterkt knytt til aktiviteten i næringslivet, og i vår merka Haddal Røssvold at marknaden snudde i negativ lei.
-Vi merkar nedgangen i marknaden, seier ho.
Så langt vonar ho å klare eit overskot i år, mellom anna takka vere auka satsing på cateringverksemd.
I tillegg til å drive i overnatting- og serveringsbransen eig og driv familien også lokalavisa Bygdebladet og musikkforlaget Norild, som har spesialisert seg på trekkspel- og gamaldansmusikk, og sel instrument i tillegg.
I dei fem åra selskapet Sunde Fjord Hotel har drive selskapet har det gått med overskot kvart år. Frå 2011 og framover har resultatmarginen (resultat før skatt i prosent av driftsinntekter) aldri vore under 20 prosent, og i fjor enda den opp like under 40 prosent.
Nesten like bra
Aursnes Hotell i Sykkylven ligg nesten like nær ferjeleiet som hotellet i Solevåg. Også der vart 2014 eit godt år (sjå tabell), om enn ikkje på same nivå som Sunde Fjord Hotell.Frå 2011 og fram til og med 2014 har resultatmarginen for Aursnes Hotell variert mellom 14,5 og 31,5. I 2014 enda den på 19,6 prosent.
Aursnes Hotell er eigd av Karl Johan Sunde Aursnes, som også er eigar og dagleg leiar av Aursnes Kiosk, som ligg på ferjeleiet.
Tap etter vintersesongen
2014 var det første driftsåret for Stranda Hotel etter at .Driftsinntekene gjekk opp og underskotet blei redusert (sjå tabell). Men hotellet gjekk likevel i minus og kjem sannsynlegvis til å gjere det også i år. Tap vintersesongen i starten av 2015 er grunnen, i følgje hotelldirektør Finn Thore Johansen.
- Det er veldig bra omsetning, emm vi har tapt mykje pengar i vinter, seier Johansen.
Hotelllet driv tre serveringstadar i skiløypene på Strandafjellet, og vil i komande sesong legge om reknskapsføringa for å få betre oversikt over inntekter og kostandar i dei uleke delane av selskapet.
Starta for seg sjølv
Vinteren 2014 tok Linda Haddal Røssevoll over Hareid Hotel etter at hotellselskapet Regius Holding blei splitta i to, og Hotell Ivar Aasen i Ørsta og Hareide Hotell skilde lag.Haddal Røssevold døypte hotellet til Melshorn Hotell, dobla driftsinntektene og dreiv om lag i balanse i fjor (sjå tabell).
Avgjerda om å gå i gang på eiga hand angrar ho ikkje på, og seier responsen frå næringslivet og folk i kommune har vore svært positiv. Men etterspørselen etter overnatting i Hareid er sterkt knytt til aktiviteten i næringslivet, og i vår merka Haddal Røssvold at marknaden snudde i negativ lei.
-Vi merkar nedgangen i marknaden, seier ho.
Så langt vonar ho å klare eit overskot i år, mellom anna takka vere auka satsing på cateringverksemd.
Forlag, avis og hotell
På Sjøholt og i Søvika i Haram er det Opsal-familien som står bak overnattingsbedriftene og serveringstilbodet gjennom selskapet Systra Café.I tillegg til å drive i overnatting- og serveringsbransen eig og driv familien også lokalavisa Bygdebladet og musikkforlaget Norild, som har spesialisert seg på trekkspel- og gamaldansmusikk, og sel instrument i tillegg.
Publisert: 24.09.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47