Driftsinntektene til forhandlarane held fram med å vekse, frå 3,9 milliardar kroner i 2016 til 4,4 milliardar kroner, ein auke på 12 prosent.
Resultatmarginen - resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene - gjekk derimot ned frå 3,2 til 2,7 prosent. Det er likevel betre lønsemd enn bransjen hadde i 2015, og ein nedgang som er for liten til å konkludere med eit omslag i marknaden, etter sekretær Magne Skudal i bilbransjeforening på Sunnmøre si vurdering.
Reknskapstala for 2017 viser og store skilnadar i lønsemda bilforhandlarane mellom (sjå tabell). 13 av 25 bilforhandlarar hadde ein resultatmargin over gjennomsnittet i 2017. To gjekk i minus.
Klikk på lenka i slutten av artikkelen for å få fram driftsinntekter, driftsresultat og resultat før skatt i 2017 og 2016 for kvart einskild selskap. Interne omorganiseringar, oppkjøp og samanslåingar gjer at samla tal for bransjen i tabellen i artikkelen frå 2016 ikkje er identisk med tabellen i denne artikkelen.
Konsekvensen er fall i bilsalet. Etter første halvår i år var salet av nye personbilar på Sunnmøre 8,6 prosent under tilsvarande periode i 2017. Salsstatistikken viser og stor skilnadar mellom dei ulike bilmerka og illusterer kva det betyr å treffe med modellutvalet. Seks merke hadde ein salsauke på 10 prosent eller meir i første halvår. Åtte merke hadde ein reduksjon i salet på 10 prosent eller meir
Les også NETT NO sine tidligare artiklar av bilbransjeresultata på Nordvestlandet:
Omlegginga skulle opphavleg gjelde frå årsskiftet. No er den utsett i eitt år.
Det var ei god avgjerd, meiner Espen Digernes i Brage-konsernet, som eig Brages Bilforretning i Ålesund, Toyota Sunnmøre i Ørsta og Brages Molde.
- Det er veldig bra. Dei gir seg sjølv ein moglegheit til ei grundig vurdering av kva verknadar dette (avgiftsomlegginga, red. merk) vil få, seier Digernes om meldinga frå Jensen.
Avgiftsomlegginga skal basere seg på reelle utslepp, ikkje opplysningar frå produsentane. Bransjen frykta endringane ville blitt så store at det ville få stor innverknaden på nybilsalet og bruktbilprisane. At omlegginga blei utsett vil gjere at regjeringa kjem attende med ei omlegging som med ein meir dempa effekt håpar Digernes.
Porsche Center Ålesund blei etablert midt i oljenedturen, men hadde overskot og nådde nesten 100 millionar kroner i driftsinntekt i sitt første heile driftsår i fjor.
Torsdag, fredag og i dag har Bergensbaserte Trond Sandven og kompanjongen Per Aaland i Aaland Bil visning av den nye elbilen til Jaguar. Dei vurderer grunnlaget for ein Jaguar og Land Rover-forhandlar i Ålesund, og vil starte eit felleseigd selskap om forhandlarplanane blir sett ut i livet.
Den rimlegaste utgava av Jaguar sin elbil kostar knappe 600.000 kroner. I går kveld hadde Sandven fått signert sju kjøpekontrakter.
Resultatmarginen - resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene - gjekk derimot ned frå 3,2 til 2,7 prosent. Det er likevel betre lønsemd enn bransjen hadde i 2015, og ein nedgang som er for liten til å konkludere med eit omslag i marknaden, etter sekretær Magne Skudal i bilbransjeforening på Sunnmøre si vurdering.
Reknskapstala for 2017 viser og store skilnadar i lønsemda bilforhandlarane mellom (sjå tabell). 13 av 25 bilforhandlarar hadde ein resultatmargin over gjennomsnittet i 2017. To gjekk i minus.
Klikk på lenka i slutten av artikkelen for å få fram driftsinntekter, driftsresultat og resultat før skatt i 2017 og 2016 for kvart einskild selskap. Interne omorganiseringar, oppkjøp og samanslåingar gjer at samla tal for bransjen i tabellen i artikkelen frå 2016 ikkje er identisk med tabellen i denne artikkelen.
Uro i bransjen
NETT NO har i løpet av våren og sommaren snakka med ei rekkje av bilforhandlarane i samband med resultata for 2017. Ei vurdering går att hos alle, 2018 er prega av ei uvanleg stor uvisse for korleis marknaden utviklar seg. Mange kundar har sett seg på gjerdet, delvis i påvente av konsekvensen av nye bilavgifter og delvis i påvente av at nye modellar skal kome på marknadene. I tillegg kjem dei som står i bestillingskø og ventar på elbil.Konsekvensen er fall i bilsalet. Etter første halvår i år var salet av nye personbilar på Sunnmøre 8,6 prosent under tilsvarande periode i 2017. Salsstatistikken viser og stor skilnadar mellom dei ulike bilmerka og illusterer kva det betyr å treffe med modellutvalet. Seks merke hadde ein salsauke på 10 prosent eller meir i første halvår. Åtte merke hadde ein reduksjon i salet på 10 prosent eller meir
Les også NETT NO sine tidligare artiklar av bilbransjeresultata på Nordvestlandet:
Glad for retrett
Denne veka varsla finansminister Siv Jensen at regjeringa vil vente med den planlagde omlegginga av bilavgiftene, mellom anna for å få eit betre datagrunnlag for å justere avgiftene etter kor mykje bilane forureinar.Omlegginga skulle opphavleg gjelde frå årsskiftet. No er den utsett i eitt år.
Det var ei god avgjerd, meiner Espen Digernes i Brage-konsernet, som eig Brages Bilforretning i Ålesund, Toyota Sunnmøre i Ørsta og Brages Molde.
- Det er veldig bra. Dei gir seg sjølv ein moglegheit til ei grundig vurdering av kva verknadar dette (avgiftsomlegginga, red. merk) vil få, seier Digernes om meldinga frå Jensen.
Avgiftsomlegginga skal basere seg på reelle utslepp, ikkje opplysningar frå produsentane. Bransjen frykta endringane ville blitt så store at det ville få stor innverknaden på nybilsalet og bruktbilprisane. At omlegginga blei utsett vil gjere at regjeringa kjem attende med ei omlegging som med ein meir dempa effekt håpar Digernes.
Ny aktør
Bilmarknaden på Nordvestlandet trekkjer til seg nye aktørar.Porsche Center Ålesund blei etablert midt i oljenedturen, men hadde overskot og nådde nesten 100 millionar kroner i driftsinntekt i sitt første heile driftsår i fjor.
Torsdag, fredag og i dag har Bergensbaserte Trond Sandven og kompanjongen Per Aaland i Aaland Bil visning av den nye elbilen til Jaguar. Dei vurderer grunnlaget for ein Jaguar og Land Rover-forhandlar i Ålesund, og vil starte eit felleseigd selskap om forhandlarplanane blir sett ut i livet.
Den rimlegaste utgava av Jaguar sin elbil kostar knappe 600.000 kroner. I går kveld hadde Sandven fått signert sju kjøpekontrakter.
Publisert: 08.09.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25