Toril hovdenak foto mrfylke 11
LA FRAM BUDSJETT: Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak i Møre og Romsdal. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

La fram 2025-budsjettet for fylket

Må spare mindre enn frykta - men både vidaregåande skule og hurtigbåtrute kan ryke.

Marius Rosbach
01.11.2024

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak i Møre og Romsdal la fredag fram forslag til budsjett og økonomiplan for åra 2025-2028. 

Sjå direktesending frå framlegginga (ekstern lenke)

Innleiingsvis teikna ho eit dystert bakteppe for økonomien i fylket. Møre og Romsdal var ved utgangen av 2023 på landstoppen i lånegjeld per innbyggjar av fylka i landet. Netto driftsresultat var også det svakaste av alle fylka i landet. 

For å ytterlegare å måle skrifta på veggen, påpeika Hovdenak at fylket sine disposisjonsfond var på botnen av landets fylker, og hadde svekka seg meir i løpet av 2024. 

– Det er behov for ei kraftig omstilling for å få eit berekraftig budsjett framover, sa Hovdenak før ho la fram hovudtala i budsjettet for 2025. 

Dei viste eit anslag på driftsinntekter på i overkant av åtte milliardar kroner (8.008 millionar) og driftsutgifter på drygt 7,6 milliardar (7.622 millionar). Det kan gi eit netto driftsresultat på kring 342 millionar neste år. 

Mrfylke budsjett 2025 skjermfoto
HOVUDTAL: Skjermfoto fra presentasjonen av budsjett og økonomiplan for Møre og Romsdal. Skjermfoto: Mrfylke.no

Må redusere drifta med 79 millionar 
Hovdenakk forklara at 280 millionar av overskotet skal gå til investeringar, etter at fylket har fått statlege midlar til rassikring. 

– Dermed står vi att med eit overskot på 65 millionar, la ho til. 

I 2025-budsjettet er det sett opp investeringar på knappe 1,3 milliardar. 

For å kome fram til tala, er det lagt inn innsparingar i drifta på drygt 79 millionar, der 70 millionar er på samferdsel. 

Hovdenak fortalde at kuttbehovet var lågare enn tidlegare førespegla, og baserer seg på endringar fylkeskommunedirektøren har lest ut av neste års statsbudsjett. 

Dei komande åra anslo Hovdenak eit innsparingsbehov på minst 160 millionar kroner frå 2026. 

Les meir om forslaget (ekstern lenke)

Vil legge ned skule og kutte båtrute
Mellom innsparingsforslaga for 2025 er å legge ned den vidaregåande skulen i Tingvoll og kutte i rutetilbodet for buss. 

Det er óg eit forslag om å legge ned Hamsundruta, som går mellom Ålesund og Hamsund via Valderøya og Store Kalvøy, frå 2027. 

Det er vidare forslag om å auke ferjetakstane og prisen på ordninga Fram Ung.

Jonas Nilsen frå MDG var mellom dei som var raskt ute, og kritisere innsparingsforslaga. 

– Forslaget som kom frå fylkeskommunedirektøren i dag er rystande lesing. Omfanget av kuttforslag i tenestene til fylkeskommunen, viser kor alvorleg situasjonen er, uttaler Nilsen i ei pressemelding.

Publisert: 01.11.2024 11:13

Sist oppdatert: 01.11.2024 11:53

Mer om