Dagleg leiar Fredrik Klock i Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg i Møre og Romsdal gler seg over utviklinga med at fleire unge vel yrkesfag.
Ved årets opptak til vidaregåande skuler hadde meir enn 65 prosent av dei unge eit yrkesfag som sitt førsteval og Møre og Romsdal ligg på topp i landet.
Då Klock besøkte den årlege bransjesamlinga Byggebørsen denne veka, kom han likevel med eit kraftig varsko.
– Det er ei kjempepositiv utvikling, men den økonomiske støtta frå staten følgjer ikkje med, sa han til forsamlinga på Pir-bygget i Ålesund.
Etterpå utdjupar han til Nett No:
– Vi står i ei gylden situasjon der vi får til det politikarane ønsker. No er det mange unge som vel yrkesfag og tek utdanning med høg gjennomføringsgrad. Men dette er utdanningar som er mykje dyrare enn for eksempel studiespesialisering - og det blir ikkje følgt opp med statlege pengar, seier han.
Det er ei kjempepositiv utvikling, men den økonomiske støtta frå staten følgjer ikkje med
Kjem forslag om skulenedlegging
Pengane på dei fylkeskommunale budsjetta er det som kjent stor kamp om.
– I staden blir vi sett i ein skvis der det blir snakk om å legge ned tilbod på vidaregåande, held Klock fram.
Han reknar med at diskusjonen om nedlegging av vidaregåande skuler også kjem til Møre og Romsdal, sjølv om tala på ungdomskulla førebels ikkje går så mykje ned som i andre delar av landet.
Etter det Nett No kjenner til, vil fylkespolitikarane få forslag på bordet om skulenedlegging i Møre og Romsdal allereie på sine møter i november.
– Det er ganske dystre tal
Fredrik Klock leiar også Byggopp - opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk i Møre og Romsdal.
Han fortel at bransjen er uroleg – ikkje berre for den framtidige rekrutteringa – men også for at dei skal miste tilsette som jobbar i bransjen i dag.
Byggebransjen har opplevd nedgangstider i møte med høgare kostnader og rente.
– Det er ganske dystre tal nasjonalt, sa han under Byggebørsen.

Har bevisst halde låg profil
Likevel har bransjen lokalt heilt bevisst latt vere å gå ut å snakke om byggebremsen, ifølgje Klock. Han fortel at dei har frykta at pessimismen nasjonalt skal gå utover rekrutteringa på Nordvestlandet.
– Om ungdom les om konkursar og oppseiingar, så gjer det noko med kva dei vel å gjere. Og vi er ved eit brytningspunkt der ting kan bli verkeleg negativt, la han til.
– Samtidig veit vi har behovet for bustader er stort. Det byggast alt for lite, og vi vil ha ei stort behov for fagfolk framover, seier Klock
Han omtalar det som «merkeleg» at regjeringa ikkje har gjort meir for å motverke nedturen bransjen har opplevd.
– Om det ikkje endrar seg, så vil det tvinge seg fram permitteringar, åtvara han.
– Mistar vi dei, så kjem dei ikkje tilbake
Klock peikar på at mange andre bransjar har store behov for fleire tilsette, og at dei «står i kø» for å plukke dei som eventuelt blir ledige i byggenæringa.
– Og mistar vi dei, så kjem dei ikkje tilbake, la han til.
Sjølv om aktiviteten har peika nedover for bransjen dei siste åra, også på Nordvestlandet, er regionen er betre stilt enn mange andre.
Det er ikkje ei utvikling Klock ser på med glede, sjølv om det kan vere ein fordel for Nordvestlandet.
– Det er betre at dei kjem til byggenæringa her hos oss, enn at dei hamnar i andre bransjar i andre delar av landet, seier Klock.
Vil at fleire tek fagbrev på jobb
Ein anna veg til fagarbeidarutdanning er ordninga med fagbrev på jobb. Det er ei moglegheit for personar som til eksempel ikkje har vidaregåande utdanning.
– Det er ei kjempegod ordning, ikkje minst med tanke på integrering. Det gir gode moglegheiter for asylsøkjarar og flyktningar som ikkje har den formelle utdanninga dei treng for å komme innunder andre ordningar, seier Klock.
I ein situasjon der titusenvis av ukrainske flyktningar har kome til landet, meiner han det ei ordning som er svært godt eigna til å få fleire ut i jobb i ein stram arbeidsmarknad.
Men sidan ordninga ikkje er lovpålagt, kan fylkeskommunen sjølv velje den vekk. Det er ei dårleg prioritering, meiner Klock.
– Vi er ikkje eit land som har dårleg råd, men vi må gjere noko med korleis vi brukar midlane våre, legg han til.
Publisert: 26.10.2024 05:00
Sist oppdatert: 25.10.2024 20:54