La fram 43 tiltak for å styrke reiselivet
Det mest kontroversielle var kjent på førehand.
(NPK-NTB-NETT.NO): Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) la tysdag fram tiltak som skal styrkje reiselivet og bidra til at Noreg blir dei mest berekraftige reisemåla i verda.
– Reiselivet er viktig for Noreg. Det er ei framtidsnæring, som gir arbeid til over 180.000 personar og bidreg til eksportinntekter, utvikling og spennande opplevingar. Regjeringa har store ambisjonar for reiselivsnæringa. Målet er at Noreg skal bli dei fremste berekraftige reisemåla i verda, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).
Reiselivsbransjen tok eit hardt slag under koronapandemien, men turistane har no strøymt tilbake til det vesle landet vårt.
Rekordstort besøk frå utlandet
Tal frå SSB viser at det i fjor kom fleire utanlandske turistar til Noreg enn nokon gong tidlegare. Turistane er også meir opptekne av berekraft enn før. Ei undersøking frå Innovasjon Noreg viser at fire av ti tok omsyn til natur og klima då dei planla sommarferien til Noreg.
– Det er spennande nyheiter, og eit signal om at vi må utvikle produkt og tenester som møter forventningane til miljømedvitne turistar, seier Vestre.
Regjeringa vil utvikle næringa på ein måte som er berekraftig for både lokale og reisande ved hjelp av 43 tiltak retta mot tre ulike innsatsområde.
Sjå utvalde tiltak frå lista
1 | Reiseliv 2030 | Kunnskapsinitiativ for å stimulere til bærekraftig vekst og innovasjon i reiselivsnæringen, med søkelys på helårs aktivitet og grønn omstilling, ledet av en strategigruppe og med Innovasjon Norge som sekretariat. Strategigruppen leverer rapporten sin i mars 2024. |
2 | Nasjonal godkjenningsordning for guider | Vurdering av forslag fra Innovasjon Norge til utforming av ny godkjenningsordning, med vekt på omfattende kompetansekrav og praksis for guider. Målet er å standardisere og heve kvaliteten på guidetjenester. |
3 | Nasjonale turistveier | Fortsatt satsing på utvikling av Nasjonale turistveier, med detaljer om videre fremdrift som skal omtales i Nasjonal transportplan 2025-2036, som legges frem våren 2024. |
4 | Strategiarbeid for samisk reiseliv | Sametinget har i samarbeid med Innovasjon Norge satt i gang et arbeid med å utvikle en strategi som fremmer bærekraftig urfolksturisme og samisk kultur. |
5 | Oppfølging av Reisemålsutvalget (NOU 2023:10) | Flere departementer vurderer nå utvalgets anbefalinger for å forbedre styringen og bærekraften av norske reisemål. |
6 | Lokale besøksbidrag | Skissert løsning for gjennomføring av pilotprosjekter med lokale besøksbidrag. Regjeringen vil over sommeren sende forslagene på høring. Les mer |
7 | Miljøkrav til turistskip | Innføring av miljøkrav for turistskip og ferger i verdensarvfjordene, inkludert forbud mot visse utslipp og forslag om nullutslipp fra 2026. Regjeringen ser nå på høringsinnspillene. |
8 | Nasjonale turiststier | Fortsatt støtte til Nasjonale turiststier med fokus på bærekraftig forvaltning av populære naturattraksjoner og reduksjon av miljøbelastning. Det er fem nasjonale turiststier i Norge: Besseggen, Fosseråsa, Kjerag, Preikestolen og Trolltunga. |
NHO kritisk til turistskatt
Administrerande direktør Kristin Krohn Devold er tysdag i Ålesund i samband med den årlege konferansen til NHO i Møre og Romsdal. Ho meiner vegkartet frå regjeringa er ei god beskriving av bransjen og delar synet kring mange av måla i dokumentet.
Det mest kontroversielle frå satsinga, vart lansert på førehand: Ei prøveordning med ei form for turistskatt. Reaksjonane mot dette forslaget har i stor grad vore negativ frå bransjen.
Devold uttalde då at ein slik turistbetaling var mot alle faglege råd som har komme i prosessen, og frykta det i første rekke ville gå utover lokale bedrifter i næringa.
Sjå alle tiltaka i Veikart for reiselivsnæringen (ekstern lenke til pdf)
Publisert: 06.02.2024 13:36
Sist oppdatert: 06.02.2024 13:36