Fryktar oppkjøpsbølgje frå utlendingar
Meiner reiselivet har svaret på distrikta sine utfordringar. Men peiker på fleire grep som bør gjerast.
(NPK – Heidi Molstad Andresen): Reiselivsdirektør Kristin Krohn Devold vil auke talet på utanlandske gjester i Noreg. Ho meiner løysinga er både redusert formuesskatt og urbanisering av bygdesentrum – og – ein god datingmarknad.
– Eg kan ikkje tenkje meg at det finst kommunar som ikkje har potensial til å bli ein reiselivskommune. Med den naturen me har her i landet har alle noko å selje. Men det er klart – det er ein fordel å ha eit hotell eller ein restaurant. Og der heng distriktsutvikling og reiselivsutvikling supertett i saman.
Rår til satsing på utanlandske gjestar
Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, hadde allereie snakka seg varm om kulda. Med klimaendringane i verda er minusgrader blitt trendy, sa ho, og Noreg er det einaste landet i Europa med tilnærma trygg vinter. Legg til at «alle» vil sjå nordlyset, at det stort sett er reint og fint her og at trusselnivået er lågt – og du har oppskrifta på eit over snittet attraktivt turistland.
Då er det ingen grunn til at det berre ligg utlendingar i ein av tre selde overnattingssenger her i landet, meiner Krohn Devold:
– I dag er det strekk i laget mellom verksemdene som har like stort belegg av nordmenn og utlendingar, og dei som har lent seg mest på nordmenn. Sistnemnde har fått det trongare no. For nordmenn har fått dårlegare råd, og vi blir jo heller ikkje fleire. Samstundes ser vi at middelklassen veks mange stader i verda. Målet bør difor vere å auke talet på utlendingar me flyg inn. Dei nordeuropeiske landa er den viktigaste kundemarknaden vår, men det er også aukande interesse for Noreg frå India, Japan, Kina og USA.
Spent på pengebruken til nordmenn
I høve til omsetnad og tal på selde rom enda 2023 faktisk betre enn 2019, og talet på tilsette auka frå 170.000 til 183.000. Bookingane for første kvartal i 2024 er også på nivå med fjoråret.
Krohn Devold er likevel spent på om nordmenn heldt fram med å vere sosiale og bruke like mykje pengar ute no i dyrtida. Det er ein av fleire grunnar til at ho meiner me i mykje større grad bør sjå forbi landegrensene etter gjester – og til Bergen.
Hansastaden har nemleg lenge vore ein av dei beste i klassen på å tiltrekke seg like store delar nordmenn og utlendingar, og i dei seinare åra har også Trysil, Tromsø og Hemsedal jobba medvite og lukkast med å auke tilfanget av utanlandske gjester.
I motsett ende av skalaen ligg Innlandet og den norske sommarhyttekysten, som primært har satsa på nordmenn.
Fleire har utvida sesongen
Krohn Devold peiker også på at det er skilnad på kor flinke dei ulike plassane er til å legge til rette for reiseliv heile året.
Om ein ser året under eitt, står 50 prosent av norske hotellsenger ledig til kvar tid.
– Kristiansand har utvikla seg frå ein sommarby for nordmenn til også å bli ein godt besøkt juleby av utlendingar. Oslo hadde knapt gjester på sommaren før, men no har Oslo også vorte ein badeby. Tromsø er eit anna glimrande døme, der det kokar heile året. Før levde dei berre av midnattssola om sommaren, medan dei no lever minst like mykje av nordlyset om vinteren.
– Geiranger og Lofoten har også tradisjonelt hatt det meste av reiselivet om sommaren. Men i fjor hadde begge destinasjonane gode tal for både desember, januar og februar.
Fryktar oppkjøpsbølgje frå utlandet
Reiselivsdirektøren er difor snar med å minne om at god reiselivspolitikk også er god distriktspolitikk og næringspolitikk.
Dei fleste fylka har gjerne reiseliv som ein av sine to største næringar, og er heilt avhengige av gode rammevilkår for at folk skal tore å satse.
– Formuesskatt på arbeidande kapital er ein skummel showstoppar og fører til at mange familiebedrifter i distrikta gir opp. Vi fryktar ei oppkjøpsbølgje frå utlendingar som slepp å betale formuesskatt og som kan bruke alle pengane sine på investeringar. For oss er det difor viktig å få skatten tilbake til det nivået han var før regjeringsskiftet.
Har løysinga for avfolking
I tillegg til at byråkratiet bør vere så enkelt som mogleg for små verksemder, må også resten av kommunen vere attraktiv nok til at folk vil flytte dit og jobbe der, meiner ho:
– Kommuneoverføringane følgjer innbyggjartalet. Viss eg hadde vore kommunalminister ville eg difor brukt mykje meir tid på å lytte til og spele på lag med reiselivet. Reiselivet har løysingar på eit på ei av kommunalministeren sine største utfordringar; nemleg avfolkinga.
– 40 prosent av norske kommunar har befolkningstilbakegang. Dei som er mest prega av fråflytting og berre har vekst i befolkningsgruppa over 67 år, er ofte kommunar utan reiseliv og eit systematisk destinasjonsarbeid.
Bustadsatsing gir resultat
Dei reiselivskommunane som klarer seg best, er dei som har bygd nok leilegheiter midt i sentrum og har eit utval av utestader, restaurantar og hotell. Den vesle bygda Hemsedal har til dømes hatt ganske stor bustadbygging i sentrum og klart å få befolkningsauke.
Også Geiranger har no for første gong å snu befolkningsnedgangen etter å ha bygd leilegheiter i sentrum, fortel ho:
– Folk som kjem for å jobbe vil ikkje bu på ein ledig gard fleire mil utanfor. Men viss nye tilsette i reiselivet trivst og blir verande, så kjem også gjestene. Dei kjem derimot ikkje til ei tom bygd.
Trekk fram Nordvestlandet som eksempel
Reiselivsdirektøren er snar med å understreke at samarbeid kommunane og regionane i mellom er viktig om ein skal lukkast. Igjen peiker ho vestover etter gode døme.
Visit Nordmøre og Romsdal har eit så godt samarbeid med Visit Sunnmøre og Ålesund at dei i praksis fungerer som eitt selskap. Om ein gjest besøkjer Ålesund er skidestinasjonen Stranda berre ein time unna. For dei besøkjande er det så å seie same destinasjon, påpeiker ho.
– Eg er frå distriktet sjølv, og er også oppteken av at kvar region i Noreg har ein god bremsekommune – altså ein kommune som er så attraktiv at han bremsar for flyttinga til Oslo. Det betyr at alle landsdelar bør ha ein kommune av ein viss storleik og med eit godt utbygd tilbod innanfor kultur, uteliv og fritid. Det bør også vere eit mangfald i arbeidsplassar slik at det er nok interessante jobbar til to personar med utdanning. Men du vil jo ikkje berre ha ein jobb ei gong. Jobbtilbodet bør vere såpass stort at du også kan byte jobb etter kvart.
Kristin Krohn Devold humrar:
– På same måte som det bør vere stort nok utval av folk, slik at du også kan finne deg ein ny ektefelle, om du skulle bli skilt.
(©NPK)
Publisert: 31.01.2024 09:37
Sist oppdatert: 31.01.2024 10:04