Guri Melby Alfred Bjorlo foto Venstre Celina Christoffersen
ALTERNATIV: Venstre-leiar Guri Melby og næringspolitisk talsperson Alfred Bjørlo legg fram ei alternativ stortingsmelding om gründerpolitikken, før regjeringa er klar med si melding. Venstre/ Celina Christoffersen.
Nytt

Laga eiga gründermelding

Venstre kom regjeringa i forkjøpet.

04.10.2024

Venstre vil kutte formuesskatten på arbeidande kapital, skrinlegge den såkalla exit-skatten, gjere reglane for skatt på opsjonar gunstigare, redusere selskapskatt for nystarta bedrifter som reinvester overskot i bedrifta, ha færre momsterminar og forenkel skattereglane for små bedrifter, oppheve forbodet mot inn- og utleige for arbeidskraft frå bemanningsselskap og få betre permisjonordningar og sosiale rettar for gründerar.

Dettte er blant tiltaka Venstre-leiar Guri Melby og næringspolitisk talsperson Alfred Bjørlo la fram i dag, då dei presenter Venstre sitt alternativ til Ap/Sp-regjeringa si Stortingsmelding om tiltak for auka gründerskap og betre vilkår for gründerar. Med på å lage meldinga er også stortingsrepresentantane Sveinung Rotevatn og Andre N. Skjelstad.

Bjørlo seier Venstre sitt framlegg er ein reaksjon på det partiet meiner er ein treg prosess frå regjeringa si side. No legg Venstre fram si alternative melding, før regjeringa er klar med si grundermelding.

- Vi har i det lengste trudd at gründermeldinga skulle kome i samband med statsbudsjettet for 2025, seier Bjørlo.

Les hele meldingsforslaget frå Venstre her

Det hastar
Bjørlo og Venstre meiner det hastar med å endre politikken og gjere det meir attraktivt og enkelt å starte og bygge opp nye bedrifter.

Grunnen er mellom anna at andre land, til dømes Tyskland og Sverige, samt EU generelt, no kjem med tiltak for å stimulerer gründerbedrifter, seier han til Nett No.

Gjennom i alt 50 ulike tiltak er målet at Noreg skal blir det beste landet i verda å starte og drive bedrifter i. 

Skuffelse
I ei pressemelding frå Venstre skriv partiet av Jan Christian Vestre (Ap) var ein skuffelse som næringsminister for gründerar og småbedrifter. Det var mykje prat og lite handling. Etterfølgjaren, Cecilie Myrstad,  brukar ikkje like store ord, men leverer til gjengjeld enda mindre, skriv Venstre i pressemeldinga.

-Samla sett er dette katastrofalt for Noreg som gründernasjon, særleg fordi mange andre land no «girar om» i gründerpolitikken, seier Guri Melby og Alfred Bjørlo i pressemeldinga.

 

Publisert: 04.10.2024 13:29

Sist oppdatert: 07.10.2024 07:53

Mer om