Forskarar ved Universitetet i Bergen har nyleg fått publiserte to artiklar om resultat av forsking på helseeffektar av fisk og fiskeavskjær.
Forskingsresultatet tyder på positive helseeffektar for overvektige ved å få i seg laks eller avskjær frå laks og sild.
Auka blodtrykk er negativt for hjarte og nyre, og har laksefilet same effekt på menneske som på rottene er det bra for folkehelsa og positivt for oppdrettsnæringa.
Resultatet av forskingsprosjektet er publisert i det vitskaplege tidsskriftet Journal of the American Society of Hypertension.
Resultatet av forskingsprosjektet er publisert i det vitenskaplege tidsskriftet Nutrition Research.
For å få publiserte ein artikkel i eit vitskapleg tidsskrift blir forskingsprosjektet vurdert av uavhengige forskarar. Ei publisering er dermed eit kvalitetsstempel på forskingsprosjektet.
Spesielt dei biomarine bedriftene, som har spesialisert seg på å foredle restråstoff frå fiskeri og oppdrett, etterlyser ei kartlegging og forsking som kan lette utvikling, marknadsføring og salsarbeidet.
Klyngeorganisasjonen Blue Legasea fekk i fjor finansieringa på plass for å bygge opp eit nasjonalt senter for dokumentasjon av effekten av marine ingrediensar.
Forskingsresultatet tyder på positive helseeffektar for overvektige ved å få i seg laks eller avskjær frå laks og sild.
Minkar blodtrykket
Forskinga er utført på rotter, som - akkurat som menneske - får auka blodtrykk når dei legg på seg. Forsøksrottene som la på seg - men åt laksefilet frå oppdrettslaks - fekk imidlertid ikkje auka blodtrykk, sjølv om dei var like tjukke som dei andre forsøksrottene.Auka blodtrykk er negativt for hjarte og nyre, og har laksefilet same effekt på menneske som på rottene er det bra for folkehelsa og positivt for oppdrettsnæringa.
Resultatet av forskingsprosjektet er publisert i det vitskaplege tidsskriftet Journal of the American Society of Hypertension.
Beskyttar mot nyesjukdom
Eit anna forskingsprosjekt ved Universitetet har sett på verknaden av å fôre rotter med avskjær frå sild og laks. Forsøksresultata tyder på at avskjær for sild og laks beskyttar mot utvikling av nyresjukdom.Resultatet av forskingsprosjektet er publisert i det vitenskaplege tidsskriftet Nutrition Research.
For å få publiserte ein artikkel i eit vitskapleg tidsskrift blir forskingsprosjektet vurdert av uavhengige forskarar. Ei publisering er dermed eit kvalitetsstempel på forskingsprosjektet.
Storstilt forskingsinnsats
Forskingsprosjekta til forskararne i Bergen er ein den del av eit storstilt arbeid for å finne og dokumentere eventuelle helseffektar av fisk og produkt basert på restråstoff frå fisk og sjømat, mellom annan innmat og avskjær.Spesielt dei biomarine bedriftene, som har spesialisert seg på å foredle restråstoff frå fiskeri og oppdrett, etterlyser ei kartlegging og forsking som kan lette utvikling, marknadsføring og salsarbeidet.
Klyngeorganisasjonen Blue Legasea fekk i fjor finansieringa på plass for å bygge opp eit nasjonalt senter for dokumentasjon av effekten av marine ingrediensar.
Publisert: 26.02.2018 08:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18





