Laksekommunar fryktar milliontap
INNTEKTSKJELDE: Etter at kommune og fylke frå 2015 fekk til saman 80 prosent av inntektene frå offentlege auksjonar av nye oppdrettskonsesjonar har oppdrettsnæringa vore ei viktig inntektskjelde for kommunen.  I år fryktar den kutt.
Nytt

Laksekommunar fryktar milliontap

I budsjettet for 2020 har ordførar Sølvi Dimmen i Volda ein inntekt frå oppdrettsnæringa på ni millionar kroner. No risikerer ho å bli sittande igjen med mindre enn fire.

20.05.2020
- Endringa vil gi dramatiske konsekvensar i eit alt pressa budsjett, skriv Dimmen i ein epost til NETT NO.
Det er framlegget frå regjeringa om ei ny og endra skattlegging av oppdrettsnæringa som er årsaka til misnøyen frå Volda-ordførarane.
Regjeringa vil inn føre ei produksjonsavgift på 40 øre per kilo. Pengane skal gå inn i det offentlege Havbruksfondet og 80 prosent av inntektene skal utbetalast til kommuner og fylke (mest til kommunane). Regjeringa sitt anslag er at kommune og fylke frå neste år vil få inn omlag 500 millionar kroner årleg takka vere dette framlegget.

Endrar fordelingsnøkkelen

Problemet, sett frå Dimmen si side, er at regjeringa også vil endre fordelingsnøkkelen for inntektene frå sal av nye oppdrettskonsesjonar, og at den endringa skal gjelde frå i år.
I staden for å la 80 prosent gå til kommune og fylke, vil regjering at fordelingsnøkkelen blir endra slik at kommune og fylke berre får 25 prosent.
I og med at Dimmen og hennar politikarkollegaer i Volda basert seg på at fordelingsnøkkelen er 80 prosent til kommunane/fylka då dei laga budsjettet for i år, vil regjeringa sitt framlegg bety milliontap.
- Volda kommune har store investeringsbehov dei næraste åra, noko som i utgangspunktet utfordrar kommuneøkonomien. Med den innstramminga i kommuneøkonomien som regjeringa la opp til for året, budde vi oss i budsjettet på tøffe tider og harde prioriteringar. Så vert utviklinga i kommunen sin økonomi svært uføreseieleg i den situasjonen vi står i denne våren, men koronautbrot og omfattande smitteverntiltak. Når regjeringa varslar ytterlegare innstrammingar for kommunane, kjem Volda i ein svært vanskeleg og utfordrande situasjon, skriv ho i eposten.

Protestbrev frå Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har protestert på framlegget og laga ein tabell med anslag for kor mykje kommunane i fylket får i reduserte inntekter i år på grunn av framlegget.
Verst ut kjem Smøla med eit inntektskutt på nesten 50 millionar kroner, samanlikna med gjeldande regelverk.
For Volda, som er største oppdrettskommunen på Sunnmøre, er det anslått heile 12,4 millionar kroner i inntekter i år med dagens regelverk, 3,6 millionar kroner etter det nye framlegget.
- Vi er sterkt usamde i forslaget om å endre fordelingsnøkkelen. Med den nye modellen vil det meste av inntektene gå til Staten. Heile poenget med Havbruksfondet er at lokalsamfunna skal få meir igjen for jobben dei gjer med å legge til rette for oppdrettsnæringa, seier fylkesordførar Tove Lise Torve i ei melding som er lagt ut på fylkeskommune si nettside.

Stabilitet

Etter dagens ordning blir det auksjonert ut nye oppdrettskonsesjonar annakvart år. I år er det anslått at kjøparane av dei nye konsesjonane kjem til å betale fem-seks milliard kroner, men det er ingen garanti for at det blir nivået i framtida.
Kor mange konsesjonar som blir lyst ut er knytt til i kor stor grad oppdrettsnæring klare å oppnå miljømål, og prisen dei vil betale på auksjon vil variere med marknaden.
Sett frå regjeringa si side tilbyr den eit system som er meir stabilt og sikkert enn dagens - med årlege utbetalingar, men Dimmen, Torve og deira meiningsfellar ser ei endring som vil gi inntektstap - og det alt i år.
-Den foreslåtte produksjonsavgifta vil på ingen måte kompensere for at regjeringa snur fordelinga mellom stat og oppdrettskommunar og -fylkeskommunar på hovudet, og dei samla konsekvensane er dramatiske, seier Torve.

Her er fylkeskommunen si oversikt med anslag over kva kommunane kan få i år, med gjeldande regelverrk, og kva dei får med det nye regelverket. 2020 er eit år der det blir auksjonert ut nye oppdrettskonsesjonar. Tala er i millionar kroner:


Kommune

2020 dagens reglar

2020 nye reglar

Smøla68,620,2
Aure18,65,5
Molde17,15,0
Aukra16,34,8
Kristiansund14,74,3
Averøy13,23,9
Volda12,43,6
Ørsta11,63,4
Vanylven10,93,2
Vestnes10,83,2
Stranda10,13,0
Ålesund9,32,7
Giske8,52,5
Gjemnes7,02,1
Hustadvika7,02,1
Rauma6,21,8
Fjord5,41,6
Herøy5,41,6
Tingvoll4,71,4
Ulstein2,30,7

Endringa vil gi dramatiske konsekvensar i eit alt pressa budsjett

Publisert: 20.05.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57