Tøft år for Langset Group
Konkursar i to datterselskap var med på å gi minusresultat.
I mars i år blei det opna konkurs i Langset KMC As og Langset Yard Services, som begge var ein del av industri og engineering-konsernet Langset Group i Molde.
Dei tilsette fekk arbeid i andre selskap i konsernet, som og overtok oppdraga dei til selskapa hadde, men tapa på konkursane var med på å tynge 2022-rekneskapen til konsernet.
Saman med nedskriving av "et vesentlig beløp knyttet til FOU for ett av utviklingsselskapene" i konsernet er det hovudårsaka til underskotet i fjor, ifølgje årsmeldinga for 2022 for Langset Group. (FOU er ei forkorting for forsking og utvikling),
Gode utsikter
Konsernet sin ordrereserve og langsiktige prognoser tilseier at framtidsutsiktene er gode, og konsernet kan og auke lønsemda ved å samordne aktiviteten i dei ulike datterselskapa, ifølgje årsmeldinga.
Langset Group er eigd av O A Langset as (47,5 prosent), Søskenbarnene Langset as (45 prosent), A Langset as (fem prosent) og L M Langset. Odd Arne Langset er hovudaksjonær i O A Langset. Anders Langset og Leif Magne Langset eig Søskenbarnene Langset 50/50.
Aksjonærane i Langset Group er også eigarar av LAS as, eit søsterkonsern av Langset Group. LAS omfattar mellom anna skipsinnreiingselskapt Norwegian Marine Interior. LAS-rekneskapene er ikkje offentleg tilgjengeleg enno.
Langset Group as (konsern) | ||
Tall i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 298,8 | 224,5 |
Driftsresultat | -11,7 | 12,4 |
Resultat før skatt | -28,1 | 9,5 |
Publisert: 05.09.2023 09:00
Sist oppdatert: 05.09.2023 17:44