VLOOP BÖ MLO 2 frå Vartdal Plast foto Vartdal Plast
RUNDT OG RUNDT: Dei nye fiskekassene frå Vartdal Plast kan resirkulerast igjen og igjen. Bremnes Seashore blir først i verda til å ta dei i kommersielt bruk. Foto: Peter Tubaas, Vestland Media
Nytt

Lanserer resirkulert fiskekasse

Problemet med å lage fiskekasser av resirkulert plast er løyst.

14.12.2021

Tilgang på råstoff og omsyn til matvaretryggleik har vore eit hinder for å lage fiskekasser av gamle fiskekasser og anna resirkulert plast.

No har Vartdal Plast i samarbeid med den tyske kjemigiganten Basf og oppdrettselskapet Bremnes Seashore lansert den første fiskekassen i ekspanderbart polystyren som er laga av resirkulert plast.

Basf brukar ein prosess der brukte fiskekasser og anna plast blir brote ned til olje, som i sin tur blir brukt til å lage råstoffet til nye fiskekasser. Den prosessen gjer at omsynet til matvaretryggleiken blir innfridd, og gir også eit råstoff som kan brukast i same produksjonsprosess som blir brukt når ny olje er utgangspunktet, fortel dagleg leiar Jan Endre Vartdal i Vartdal Plast.

Kostar meir
Vartdal Plast har etablert eige mottaksanlegg for å ta i mot emballasjemateriale laga av ekspandert polystyren og utvidar med den nye fiskekassa si tilbodet av produkt som er laga av resirkulert materiale.

Emballasje og isolasjonsprodukt laga av resirkulerte materiale kostar meir, men Vartdal seier sluttbrukarane i aukande grad etterspør slike produkt. Han reknar og med at kostnadsskilnaden mellom emballasjeprodukt laga av resirkulert materiale og ny olje blir mindre og mindre etterkvart som produksjonen basert på resirkulert materiale aukar.

Publisert: 14.12.2021 12:17

Sist oppdatert: 14.12.2021 13:03